Hopp til innhold

Ønskjer å satse på vinterturistar

I løpet av nokre korte vår- og sommarmånader strøymer turistane til Sogn og Fjordane. No meiner ordførar i Aurland, Noralv Distad, at ein bør satsa hardare også på vinterturistar.

Flåmsbanen

ØNSKJER VINTERTURISTAR:

Foto: Mona Langset / VG

Som mangeårig reiselivssjef trur han ikkje minst at det bør vera mogleg å få enda fleire til å besøke kjende attraksjonar som til dømes Flåmsbana .

Noralv Distad

ØNSKJER VINTERSATSING: Ordførar Norlav Distad vil vise fram kommunen sin om vinteren også.

Foto: pressefoto, Høgre

– Vi må ha større tru på det produktet vi har og gå tøffare ut. Vi skal vere meir stolte over vinterproduktet og dei moglegheitene vi har i Aurland og Sogn, der vi kan tilby skiferie, sightseeing, kurs og konferansar, seier han.

Få passasjerar

I Flåm bremsar eit tog inn på togstasjonen. Men denne vinterdagen er det ikkje mange turistane som kjem ut av toget i enden av den verdskjende jarnbanestrekninga. Lokførar Kjell Ragnar Vidme skulle gjerne hatt fleire passasjerar – også vinterstid.

– Det var vel fire-fem turistar og tre-fire lokalreisande på denne turen, seier Vidme.

– Korleis vil du skildre opplevinga det er å reise med Flåmsbana om vinteren?

– Du får ein anna oppleving enn om sommaren. Det er ein flott tur og eg trur turistane er glade for å bli med på dette.

Turist frå Mexico

Ein av dei få turistane som har kome til Flåm denne dagen er på det ho sjølv kallar danningsreise. Alma frå Mexico City let seg imponere over vinterlandskapet.

– Det er eit flott landskap og er akkurat slik eg likar det. Det er stor forskjell på dette og det eg har heime i Mexico. Det er kaldt her, men eg har masse klede på meg, ler ho.

Og det er slike turistar ordførar i Aurland og mangeårig reiselivssjef, Noralv Distad gjerne vil ha fleire av. Kvart år vitjar fleire hundre tusen turistar Flåm og Aurland. Distad er ikkje samd med dei som hevdar det er umogleg å hente inn fleire turistar, også når snøen ligg tungt i liene.

– Eg trur vi må gå tøffare inn no og sjå på kva dette eigentleg betyr. Vi veit at i Sogn og Fjordane er det over ein million gjestedøgn. Dette genererer store inntekter.

Trur på heilårstanken

Professor ved BI, Torger Reve, er heilt overtydd om at heilårstanken er det som skal til for å setje meir kveik i reiselivet.

– Eg trur det er vegen å gå. Det som er problemet med store delar av norsk reiseliv, er at det er ei næring som har kundar berre delar av året. Nokre stader har dei gjester berre om sommaren, andre stader om vinteren.

– Utfordringa er å få kundar heile året og få lønnsemda opp. Det nyttar ikkje å berre vere populær i tre eller seks månader.

Flåm stasjon

POPULÆRT OM SOMMAREN: No ønskjer ordføraren fleire turistar også om vinteren.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Frå 2,5 til 10 tilsette

Butikksjef ved Coop i Flåm, Kjell Kristian Øveraas, seier det er stor skilnad på å drive butikken her om sommaren og om vinteren.

– Det er som dag og natt. Det er berre lokalbefolkninga som er her om vinteren. Det er veldig stille. Vi har 2,5 stillingar om vinteren og 10 heiltidstilsette om sommaren.

– Når turistane kjem, er det noko du gler deg til?

– Vi gler oss til å ha mykje å gjere, det er betre enn å ha lite. Det hadde vore bra å ha fleire folk her heile året.

– I Aurland er det om lag 300 millionar i direkte verdiskaping frå reiselivet. Dette må vi synleggjere, seier ordførar Noralv Distad.