Hopp til innhold

Turgåar sendt til sjuhus med skader

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Søndag ettermiddag vart mannen som skada seg på fjellet Hanekammen i Vågsøy frakta til sjukehus med skader.

Leiteaksjon etter mann i Vågsøy

LEITAR: Mannskapa i Sea king redningshelikopteret leitar etter ein mann som skada seg på tur på fjellet Hanekammen i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

- Mannen, som er i 70-åra, gjekk på tur på fjellet Hanekammen då han skada seg, fortel operasjonleiar Svein Rød hjå Sogn og Fjordane politidistrikt.

(artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter turgåar

MANGE I SVING: Røde kors og eit Sea king redningshelikopter leitar etter ein turgåar i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

Mannen er frå Degnepollen, og var aleine på turen

- Redningshelikopter og fem personar frå Rød kors har vore med i leitinga etter han søndag, seier Rød.

Politiet deltok også i søket etter mannen som ikkje visste nøyaktig kvar han var då han fall.

Mannen har fysiske skader og skal vere nedkjølt etter fjellturen opplyser politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.