Hopp til innhold

Har jobbar, men manglar faglærde

Det er venta kring 150 nye arbeidsplassar innan bygg- og anleggsbransjen i Sogn og Fjordane i år.

Arbeidar ved Havyard Leirvik

MYKJE ARBEID: Bygg- og anleggsbransjen er avhengig av utanlandsk arbeidskraft for å fylle tome stillingar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Samstundes melder ei av fire verksemder at dei har ledige stillingar som følgje av rekrutteringsproblem.

– Utanlandsk arbeidskraft vil bli viktigare enn nokon gong for denne bransjen, seier NAV-direktør Tore Thorsnes i Sogn og Fjordane.

Har stillingar, manglar folk

– Arbeidsløysa vi hadde i denne bransjen for eit par år sidan er i ferd med å bli viska vekk, og vi ser heller ein etterspurnad etter arbeidskraft, seier Thorsnes.

Det er næringsbarometeret, eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, NAV og NHO, som spår 150 nye arbeidsplassar innan bygg- og anleggbransjen.

Næringa vart hardt råka under finanskrisa i 2008 og 2009, men er no på full fart oppover att.

– Vi ser at etterspurnaden er mykje større no enn kva den var for ei tid sidan.

Men å fylle stillingane kan vise seg å bli vanskeleg.

Allereie no varslar ei av fire verksemder innan bransjen at dei manglar folk.

Avhengig av arbeidsinnvandring

Byggebransjen i Sogn og Fjordane har måtte leite etter arbeidskraft utanfor Noreg.

– Trur du import av arbeidskraft vert enda viktigare i framtida?

– Ja, dersom denne etterspurnaden held fram med å auke, slik som det ser ut no, så er det ikkje tvil om at vi er heilt avhengige av den arbeidsinnvandringa til Noreg, seier NAV-direktøren.

Rekrutteringsproblem

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er den lågaste i landet.

Ferske tal frå NAV viser at det ved utgangen av januar var registrert 1026 personar heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane.

Det er 315 færre enn på same tid i fjor,

Med berre 1,8 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid, har fjordfylket færrast ledige i landet.

– Kvifor klarar ein ikkje å rekrutter nok faglærde?

– Eg trur ikkje det skuldast mindre interesse for denne bransjen blant nordmenn, men at etterspurnaden no er så stor at ein ikkje klarar å dekke behovet for arbeidskraft, seier Thorsnes.