Hopp til innhold

Trafikkulukke i Balestrand

Ei kvinne i 30-åra er skadd i ei trafikkulukke på fylkesveg 55 ved Kvamsøy mellom Balestrand og Høyanger.

Trafikkulukke ved Kvamsøy i Balestrand

TRAFIKKULUKKE: Ein person er skadd i trafikkulukka ved Kvamsøy i Balestrand.

Foto: Robert Jan Leerink

– Ein bil har køyrt utfor vegen og inn i fjellveggen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Arild Stokkereit.

Politi og ambulansar frå Høyanger og Balestrand vart sende til området.

– Det er store materielle skadar, og bilen er å rekne som totalvrak, seier Stokkereit.

AMK opplyser at kvinna har fått moderate skader og er innlagd på vanleg avdeling.

Luftambulansen vart omdirigert

Luftambulansen blei send til området, men blei omdirigert til eit anna oppdrag. Kvinna vart send til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Det oppstod køar på begge sider av ulukka, og vegen var stengd ei stund. Det skal vere glatt i området.

Politiet ved Høyanger lensmannskontor kjem til å etterforske saka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.