Hopp til innhold

Rektor skaka over videosnutt der elevar kastar stolar veggimellom

Stolar blir kasta gjennom klasserommet, medan pultar og medelevar blir dytta rundt. Rektor Kjell Skaaheim ved Førde ungdomsskule er opprørt over det han ser på videosnutten på YouTube.

Elevar kastar stolar og bord veggimellom

UAKSEPTABELT: Biletet er frå videosnutten som er lagt ut på internett. NRK har valt å klyppe vekk elevane.

På ein videosnutt lagt ut på den populære nettstaden ser ein korleis fleire elevar ved ungdomsskulen tar heilt laust inne i klasserommet. Det startar med at ein gut kastar rundt pulten sin, og så heng fleire seg på.

Stolar blir kasta veggimellom, og pultar og bøker får også gjennomgå.

– Dette er ein oppførsel som er langt over grensa, seier rektor Kjell Skaaheim ved Førde ungdomsskule til NRK.no. Han såg onsdag gjennom videoen etter at NRK gjorde han merksam på den.

– Veldig lite hyggjeleg

Tidlegare denne veka vart NRK tipsa om videosnutten av ein anonym person. Vedkommande er opprørt over det som kjem fram i videoen, og synst det er svært uheldig at elevane får oppføre seg på denne måten utan at tilsette ved skulen veit om det.

På videoen ser ein fleire unge gutar som let det gå hardt ut over interiøret i klasserommet. Medan fleire andre står og ler i bakgrunnen, kastar dei rundt på både stolar og bord. Ein av dei tek opp ein sekk og kastar den i golvet.

– Dette er ein video vi set veldig lite pris på. Eg synst dette er veldig lite hyggjeleg, seier Skaaheim.

Etter å ha sett videoen kan han konstatere at den er frå inneverande skuleår. Elevane er lett attkjennande, fortel rektoren. Han skildrar det som skjer som ein leik som går langt over grensa. Skaaheim meiner det er heilt uakseptabelt å behandle skulen sitt utstyr på denne måten.

Oppvaskmøte med elevane torsdag

Men det går også utover andre elevar. Ein av gutane vert sitjande midt i oppstyret og prøver å pakke sekken sin. Brått kjem ein annan elev kjem bakfrå og dyttar han så han ligg lang på golvet.

– Når det gjeld detaljane i saka så skal vi ta det i morgon med elevane, men dette er sjølvsagt ikkje greitt, seier Skaaheim.

At videoen er lagt ut på internett er i seg sjølv uheldig, meiner Skaaheim. Han seier tilsette på skulen ikkje har vore kjent med episoden, men at dei no vil ta tak i hendinga med klassen det gjeld.

– Dette er eit døme på utfordringane vi har i forhold til internett og sosiale medium. Det er veldig sårbart dersom det blir misbrukt, seier han.

Rektoren seier skulen alt i morgon vil ha eit møte med klassen det gjeld, og seier også dei som oppheld seg i bakgrunnen er medskuldige i det som skjer. Det inkluderer mellom anna den eller dei som filmar og har lagt videoen ut på nettet.

– I slike situasjonar må ein ta eit felles ansvar. Dei som er med på det utan at dei prøver å stoppe det, er medskuldige.

NRK har sett videoen, men har valt å ikkje publisere den av omsyn til anonymiteten til elevane.