Hopp til innhold

Sterk hopping av Fannemel

Det vart ein ny god dag for skihopparen Anders Fannemel frå Hornindal. Etter ein sjuandeplass laurdag følgde han opp med ein fin tiandeplass søndag.

Anders Fannemel

GODE DAGAR: Anders Fannemel frå Hornindal har prestert svært godt under hopprenna i Sapporo denne helga.

Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Under gårsdagens hoppkonkurranse i japanske Sapporo vart honndølen den store overraskingsmannen då han etter første omgang var tredje beste hoppar.

Det enda til slutt med ein sjuandeplass, noko som må kunne seiast å vere den internasjonale gjennombrotet for 21-åringen. Og oppturen har truleg gjort han godt, for i rennet som gjekk i natt følgde han opp med nok eit sterkt resutalt.

Med eit hopp på 122,5 meter i første omgang, og 125 meter i andre omgang heldt det til slutt til ein tiande plass. Med det vart Fannemel den nest beste nordmannen i rennet.

Beste nordmann i Sapporo vart Vegard Sklett på ein 5. plass. Rune Velta plasserte seg rett bak Fannemel på 11. plass medan Andreas Stjernen hoppa seg til ein 16. plass.

– Ein meisterleg laginnsats, jubla NRK-kommentator Arne Scheie på NRK1.

Video Fannemel med flott første hopp

FØRSTEHOPPET: Dette hoppet på 131 meter heldt til ein tredjeplass etter første omgang under rennet laurdag.