Hopp til innhold

Thingnes Bø med 8. plass i Jr-EM

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til ein åttande plass under dagens skiskyttarsprint under Junior-EM.

Johannes Thingnes Bø

ÅTTANDE: Johannes Thingnes Bø frå Stryn gjekk inn til ein åttandeplass under sprinten i JR-EM fredag.

Foto: Rune Fossum / NRK

19-åringen frå Stryn har gått fort i sporet, for sjølv med tre bom fleire enn vinnaren av rennet gjekk han i mål berre eit minutt etterpå.

Veslebroren til Tarjei Bø hadde ikkje heilt dagen framfor skyteskivene, og skaut ein bom på liggjande og tre på ståande.

Det var norske Vetle Sjåstad Christiansen som vann sprinten. Med ein bom på ståande skyting var det ein god dag i sporet som sikra han sigeren før russiske Alexander Loginov som skaut feilfritt og tok sølv.

Det var dermed ein god dag for Norges juniorlag, med ein pallplass og ein sterk åttandeplass til Thingnes Bø.