Hopp til innhold

Dei vil kastrere katten din heime

Den store kattebestanden på gardar rundt om i fylket har lenge vore eit problem. No vil Dyrevernlaget Indre Sogn gjere endå eit forsøk på hjelpe dei mange kattane i nød.

Katt

KASTRERING: Gardskattar i Aurland, Lærdal, Årdal og Flåm har mogelegheiten til å bli kastrerte.

Foto: Johnny Samuelsson / SCANPIX

Dyrevernlaget Indre Sogn skal i februar ha ein steriliserings- og kastreringskampanje i Aurland, Lærdal, Årdal og Flåm. Kampanjen vil gå ut på at ein dyrlege kan komme rundt på gardar som ynskjer det og kastrere eller sterilisere gardskattane. Dette er for å forhindre at kattebestanden aukar ytterlegare.

– Som å komme til dekka bord

– No må folk ta ansvar. Det blir stadig fleire kattar, og dei har verken nok mat eller ly. Denne kampanjen er som å komme til dekka bord, det er ingen grunn til å ikkje ta affære, seier leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun.

For kampanjen skal gjere arbeidet lett for katteeigarane. Dyrevernlaget vil låne ut kattefeller, som skal hjelpe til med å fange inn dei utamme kattane, til dei som vil og elles hjelpe til så godt som råd.

Randi Aarethun

LEIAR I DYREVERNLAGET INDRE SOGN: Randi Aarethun.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Eit unikt prosjekt

Dyrevernlaget Indre Sogn, som har hatt fire omsorgsprosjekt på dei tre siste åra, meiner dette er ein viktig kampanje.

– Det som er nytt med denne kampanjen er at vi kjem rundt på gardane og at den er retta mot gardskattar. Tidlegare har vi hatt kampanjar for å kastrere huskattar, men ikkje med fokus på gardskattar, seier Aarethun.

– Dette er eit kjempespennande prosjekt. Det er verkeleg unikt, og vi har aldri gjort noko slikt på denne måten, fortel Aarethun.

– Dyrlegen vi har med på prosjektet er heilt utruleg. Utan henne hadde ikkje dette vore mogeleg å gjennomføre.

Har ikkje nok kapasitet

Ho kan òg fortelje at Dyrevernlaget ikkje har kapasitet til å ta inn fleire kattar.

– Akkurat no har vi 40–50 kattar i Indre Sogn som vi har ansvaret for. Vi matar dei og steller dei kvar dag, men det kan ikkje halde på slik som det her, seier ho.

– Det finst ikkje noko mottak og vi har heller ikkje nok fosterheimar til alle kattane.

For det kjem mange kattar til verda når berre ei usterilisert kjette kan få opptil tre kull i året.

– Det blir fort 50 kattar meir, seier Aarethun.

Kjem til å gå i minus

Trass i at det ikkje blir gratis for katteeigarane, vil det bli eit stort økonomisk løft for Dyrevernlaget Indre Sogn.

– Det som betyr noko er at kattane skal ha det godt og at dei skal få ein status. Det får dei ikkje når det er så mange lauskattar, seier Aarethun.

– No håpar vi berre at folk vil ta i bruk tilbodet.