Hopp til innhold

SV-opprør mot sidemålskutt

SV-medlemmer på Vestlandet og i Trøndelag er sinte og oppgitte over framlegget om å kutte både standpunktkarakter og eksamen i norsk sidemål.

Partileiar Kristin Halvorsen under Sogn og Fjordane SV sitt årsmøte.

KRITIKK FRÅ EIGNE: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har hausta storm mef framlegget om sidemål.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kunnskapsminister og SV-leiar Kristin Halvorsen meiner norskfaget er blitt for omfattande og vil gjere sidemålet mindre viktig.

LES OGSÅ: Sterk usemje mellom aust og vest om nynorsk

LES OGSÅ: Embla Belsvik (17) skuffa over eige parti etter nynorskvedtak

I Naustdal SV var frustrasjonen så stor at dei vedtok ein skarp kritikk av forslaget, same dagen som det blei presentert av Halvorsen.

Åsmund Berthelsen

OPPGITT: Åsmund Berthelsen i Naustdal SV meiner framlegget er eit åtak på nynorsken.

– Åtak på nynorsken

Åsmund Berthelsen i Naustdal SV var ein av mange i partiet som tysdag fekk frukosten i vrangstrupen. På radioen kunne han høyre partileiaren sin fronte eit framlegg frå Utdanningsdirektoratet om å kutte både standpunktkarakter og eksamen i norsk sidemål.

– Eg reagerte fordi eg oppfatta det som eit åtak på nynorsken, seier Berthelsen.

Skulepartiet SV har programfesta å styrkje nynorsk. På partiet sine interne e-postforum har Vestlands-SV reist seg i protest mot framlegget som dei meiner i praksis vil svekkje nynorsk. To av kritikarane er landsstyremedlemmene Oddny Miljeteig frå Bergen og Oddrun Årflot, fylkesleiar Møre og Romsdal.

– Nedjustering av nynorsk

Også i Nord-Trøndelag vekkjer forslaget harme. Beskjeden til Halvorsen frå fylkesleiar og landsstyremedlem, Trond Martin Sæterhaug, skulle ikkje vere til å misforstå.

– Eg reagerer sterkt på at framlegget kjem no. Konsekvensen er at fokuset på nynorskopplæring blir nedjustert endå meir.

Fleire fylkeslag varslar kritiske årsmøteresolusjonar og forventar at saka blir tema på SV sitt landstyremøte i mars. Dei meiner elevar og lærarar vil leggje mindre vekt på sidemål dersom det ikkje skal vere eksamen og standpunktkarakter.

– Forsømer grasrota

Den interne sidemålsstriden kjem på toppen av mange problem for Kristin Halvorsen. Eit dårleg lokalval og meiningsmålingar under sperregrensa har fått distrikts-SV til å kritisere henne for å forsøme grasrota og partibygginga. Åsmund Berthelsen i Naustdal SV meiner sidemålssaka er endå eit døme på at leiinga lyttar mest til sentrale strøk.

– Det eg lurer på er om kunnskapsministeren har skjønt kva ho eigentleg har gjort.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier at ho ikkje har gjort seg opp ei meining om framlegget.

– Det ikkje blir konkludert i saka før læreplanen har vore på høyring, og det blir om eitt års tid.