Hopp til innhold

Vil opne for motorferdsel i Balestrand

Fylkesutvalet har samrøystes vedteke å be sentrale styresmakter endre reglane for motorisert ferdsel i utmark.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

VIL HA REGELENDRING: Fylkesutvalet samrøystes for prøveprosjekt i Balestrand.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Bakgrunnen er ei sak i Balestrand der kommunen ønskjer å legge til rette for bruk av motorferdsel for å få meir vinteraktivitetar i kommunen. Politikarane i Fylkesutvalet ønskjer framleis restriktiv bruk av motorkøyretøy, men meiner kommunane må få avgjere slike saker sjølve.

Prøveprosjekt i Balestrand

Ei eventuell lovendring vil ta tid, og politikarane ønskjer difor at Balestrand kan bli eit prøveprosjekt.

Balestrand Reiseliv vil utvikle fjellsport og alpint på Igdedalseggi. Planen er å frakte folk opp dit frå Saurdal skiarena.

(Artikkelen held fram under biletet).

Noralv Distad

DØROPNAR: Noralv Distad, gruppeleiar for Høgre. Arkivfoto.

Foto: pressefoto, Høgre

Det var gruppeleiaren for Høgre, Noralv Distad, som kom med framlegget som heile fylkesutvalet slutta seg til.

– Dette er eit lokalt initiativ og eit spennande prosjekt. Vi må la Balestrand kommune få vurdere tiltaket, elles fell det mellom fleire stolar.

– Vi som politikarar må prøve å presse på og få opna opp for at dei får lov til å handsame saka slik at initiativet ikkje daudar vekk i påvente av ein lang prosess med regelendring.

I Balestrand er det snakk om å frakte folk opp til eit skiområde med beltekøyretøy. Hadde dei i staden bygd ein heis eller ein veg kunne Balestrand kommune ha handsama det etter Plan- og bygningslova.

– Merkeleg problemstilling

– Men i dette tilfellet, som er eit mindre inngrep så går det etter Lov om motorferdsel i utmark, og det hindrar initiativet. Det er ei merkeleg problemstilling at eit slikt initiativ blir hindra av formalitetar. Difor må vi heve oss over det og prøve å gje dei som har teke initiativet og Balestrand kommune høve til å handsame det på ein fornuftig måte.

– Kan dette tolkast som at de er for meir frislepp av motorisert ferdsel i fjellet?

– Nei, det er ikkje det primære. Heile fylkesutvalet er innstilt på at Lov om motorferdsel i utmark eksisterer og at saker blir avgjort på grunnlag av skjøn på sentralt hald.

– Urimeleg

– Men her er det ikkje noko skjøn, det er eit hinder, og eg meiner det er urimeleg at ei slik sak ikkje kan vurderast. Når det på toppen av alt er snakk om eit mindre inngrep enn om det hadde blitt behandla etter heilt andre lover så er det urimeleg for dei som har teke initiativet.

– Difor er det vår jobb å opne for at det kan bli handsama på ein ansvarleg måte, og vi har stor tiltru til at Balestrand kommune kan gjere det på ein veldig god måte.

Også stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) vil arbeide for saka.

– Det høyrer ikkje heime at slike gode initiativ blir stansa av eit stivbeint lovverk, sa han til Sogn Avis måndag.

Nei frå friluftslivet

Men friluftsfolket er ikkje spesielt glad for at det blir opna for å frakte skifolk med beltekøyretøy. Elisabeth Dahle i Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane sa måndag til Sogn Avis at det er eit kvantesprang vekk frå gjeldande lovverk derrsom kommunane skal få lov til å gje slike løyve.