Hopp til innhold

Sjå det vakre nordlyset!

Natt til måndag var det eit inferno av fargar på himmelen.

Nordlys på Seime i Breim

VAKKERT: Slik såg himmelen ut natt til måndag over Seime i Breim.

Foto: Runar Sandnes

– Det var veldig kjekt å sjå, seier Runar Sandnes frå Breim.

Fekk varsel på sms

Han kallar seg sjølv amatørastronom, og søndag var han klar for å dokumentere fargane på himmelen.

– Eg har ei sms-varsling som gjer at eg får varsel når verdiane på magnetfeltet vårt nærmar seg, og ei slik melding fekk eg søndag, fortel han.

Sandnes tok med seg alt av fotoutstyr og køyrde til Seime i Breim for å få best mogleg overblikk over nordlyset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordlys på Seime i Breim

EKSPLOSJON: Nordlyset kjem av ein eksplosjon på sola frå tidlegare i veka. Dermed får vi slikt fargespel på himmelen.

Foto: Runar Sandnes

Blafrar og strålar

Og bileta fortel om svært god utsikt.

– Det ser nesten ut som ei gardin nedanfrå. Den blafrar og det ser ut som tredimensjonale strålar.

Sandnes har sett nordlys fleire gonger. Men no er det lenge sidan han har sett det her i fylket.

– Det var på tide at det kom hit att no, ler Sandnes.

Nordlyset skuldast ein eksplosjon på sola tidlegare i veka, ein såkalla "coronal mass ejection" (CME), der sola kastar ein enorm skur med partiklar ut i rommet.

– Denne gongen var denne eksplosjonen retta rett mot jorda, og vi forventa difor at denne skuren ville komme i løpet av helga

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordlys på Seime i Breim

PARTIKLAR: Sola kastar enorme mengder partiklar ut i rommmet og det blir nordlys.

Foto: Runar Sandnes

Heilt til Danmark

Og det er fleire som har fått med seg at himmelen lyste opp søndag.

– Det byrja tidleg søndag morgon, og lyset vart observert heilt ned til Danmark. Det er uvanleg, seier han.

Nordlyset vart også observert i Selje fortel Tone Teigen på sms til NRTK.

– Det var kjempeflott nordlys over Selje rundt midnatt. Det varte i mange minutt, flammande grønt lys, skriv ho.

Nordlys på Seime i Breim

OGSÅ I SELJE:Nordlyset vart også observert i Selje natt til måndag. Her er lyset sett frå Seime i Breim.

Foto: Runar Sandnes