Hopp til innhold

Skjerpa straff for Vest Tank-leiar

Høgsterett har skjerpa straffa for tidlegare dagleg leiar Jostein Berland i Vest Tank etter eksplosjonen i Sløvåg 24. mai 2007.

Vest Tank

ENDELEG DOM: Slik såg det ut etter eksplosjonen i Sløvåg 24. mai 2007.

Foto: Kåre Næss

Berland vart dømd til fengsel i eitt år og seks månader i Nordhordland tingrett og Gulating lagmannsrett. Høgsterett auka dette til to års fengsel.

I tillegg kom Høgsterett til at Berland i fem år blir frådømd retten til å drive verksemd eller vere dagleg leiar i selskap som må ha løyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet eller Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Tarjei Istad

GODT TILFREDS: Statsadvokat Tarjei Istad meiner dommen sender viktige signal.

Foto: Lasse Lerdahl

– Viktig signal

Statsadvokat Tarjei Istad hadde bede om to og eit halvt års fengsel for Berland, men han er godt nøgd med at Høgsterett har skjerpa straffa.

– Det er vi summa summarum godt tilfreds med. Det at han er frådømd retten til å drive verksemd er bra, for det sender eit viktig signal til folk som driv i denne bransjen at dei må halde seg strengt til reglane, elles blir dei sende ut av sirkulasjon og risikerer streng fengselsstraff.

– Høgsterett seier at Berland gjennom si verksemd har gjennomført massive overtredelsar av ei rekkje sentrale bestemmelsar, og det er klart at det er alvorleg.

Tidenes strengaste miljødom

Økokrim skriv i ei pressemelding at dommen mot Berland er den strengaste dommen i miljøsaker i norsk historie. I pressemeldinga poengterer Økokrim at Høgsterett slår fast at brota på reglane var "sterkt profittmotiverte".

Torbjørn Sognefest Kolås

OVERRASKA: Advokat Torbjørn Kolås hadde ikkje rekna med ny runde i retten.

Foto: privat

For Karl Jan Erstad frå Fjaler, som var rådgjevar for Vest Tank, betyr handsaminga i Høgsterett at han får endå ein runde i retten. For Høgsterett oppheva frifinninga av Erstad i Gulating lagmannsrett. Med andre ord må lagmannsretten ta opp saka til Erstad på ny.

Trur på ny frifinning

Forsvararen til Erstad, Torbjørn Kolås, seier han er overraska over avgjerda til Høgsterett, men at han trur Erstad kjem til å bli frifunnen igjen.

– Eg trur Gulating lagmannsrett vil kome til same konklusjon som sist, fem av sju i juryen gjekk då inn for å frifinne Erstad. Og Erstad er ved godt mot, trass i avgjerda i Høgsterett.

– Det som er verre er at det heile tek så lang tid. Det vil gå eitt år før lagmannsretten kan handsame saka igjen, og då har det gått bortimot seks år sidan eksplosjonsulukka.