Hopp til innhold

Opplever Telenor som arrogante

Sidan andre juledag har snikkar Bjørn Forsberg vore utan mobildekning. Når han ringer til kundesenteret til Telenor, legg dei i andre enden på røyret.

Bjørn Forsberg

LEGG PÅ RØYRET: Kundebehandlerane til Telenor la på røyret då Bjørn Forsberg ringde til dei.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Når du snakkar med dei og legg ut om kor vanskeleg det er for deg å vere utan mobil, så vel dei gjerne å legge på i staden for å svare på spørsmål, seier Forsberg.

Etter «Dagmar» sine herjingar i romjula, har bygda Davik i Bremanger vore utan mobildekning sidan andre juledag.

Sjølv då fasttelefonen var på plass igjen, var det vanskeleg å få fatt i kundesenteret til Telenor.

– Svært arrogante

Forsberg er ikkje den einaste som har hatt dårlege opplevingar med kundeservicen til Telenor.

– Folk får heilt ulike og horrible svar frå den kanten, seier Gerd Barstad, ein annan innbyggjar i Davik.

– Den siste privatpersonen som eg veit om har ringt fekk beskjed om å ikkje rekne med at dekninga kom tilbake før ein gong i februar, fortel ho.

Ho seier at bygdefolket opplever kundebehandlarane som svært arrogante.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gerd Barstad

OPPLEVER TELENOR SOM ARROGANTE: Gerd Barstad.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ikkje bra nok

Regional informasjonssjef ved Telenor, Per A. Meling, er einig i at dette ikkje er bra.

– Det er ikkje bra at vi blir oppfatta som arrogante og det er ikkje god kundebehandling å legge på røyret. Men det går føre seg mykje arbeid for å rydde plass til mobilstasjonen, seier han. Meling meiner dette kan ha gjort at dei på kundesenteret er usikre på når dekninga faktisk vil komme tilbake.

Etter at Telenor har kome med ei rekkje forskjellige datoar, er 20. januar no sett som rettedato i Davik. Då vil innbyggjarane få dekning i form av ei mellombels løysing.

– Det tykkjer eg er for dårleg, seier Forsberg.