Hopp til innhold

"Dagmar" vart dyr for kraftselskapa

Kraftselskapa i Sogn og Fjordane må ut med bortimot 130 millionar kroner etter uveret i romjula.

Kraftmast mellom Ornes og Kroken

DETTE VART DYRT: Tre som bles over ende og la seg på kraftlinjene har kosta kraftselskapa over 100 millionar kroner.

Foto: Anders Molland

Det handlar om erstatningar til kundane, reparasjonar og andre kostnader. Så langt har over 6000 kundar søkt om erstatning fordi dei var utan straum over ein lengre periode. Det blir det store summar av, seier nettdirektør Asgeir Aase i SFE .

– Vi har rekna ut at summen kan bli mellom 80 og 100 millionar kroner for SFE åleine.

– Skikkeleg underskot

– Det er store summar, kor alvorleg er dette for SFE?

– Det er alvorleg, det betyr iallfall at SFE får eit skikkeleg underskot i 2011.

LES OGSÅ: Har vore utan straum i ei veke

LES OGSÅ: - Urettvist at kraftselskapa får svi

Om kvelden første juledag var det orkan, dagen etter styrtregna og rasa det. No haglar erstatningskrava inn til kraftselskapa, mellom anna til nettsjef Harald Stadheim i Sognekraft.

– Kalkylane for Sognekraft er kostnader på ein stad mellom 17 og 20 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tre som har lagt seg over kraftlinjer

Mange stader la skogen seg over linjene over lange strekningar.

Foto: NRK

Det nærmar seg 130 mill

Dei samla kostnadane er framleis ikkje heilt klare, men summerer ein opp dei førebelse tala frå Sognekraft, Sogn og Fjordane, Sunnfjord Energi og Stryn Energi - så nærmar det seg 130 millionar kroner i utgifter, som direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, må ta sin del av.

– Vi summerte fort opp at det blir mellom 20 og 25 millionar kroner som kjem til å belaste økonomien, og når vi ser nøyare på det no så held det estimatet.

52 000 var utan straum

52 000 var utan straum heile eller delar av første juledag. Etter fem dagar var nærare 240 personar framleis utan straum, og utover i juleveka var det fleire som måtte klare seg med aggregat.

Rundt omkring i heile fylket låg mange tre over straumlinjene, og fleire av kraftmastene var brotne tvers av. Det gjorde oppryddingsarbeidet svært krevjande og kostbart. Dei 130 millionane inkluderer fleire utgiftspostar, seier Behrens i Sunnfjord Energi:

– Den eine er såkalla kompensasjon for ikkje levert energi som er ein reduksjon av inntekta vår. Så er det erstatning til kundar som har vore lenge utan straum, pluss nokre mindre erstatningar på tekniske ting. I tillegg kjem kostnadene med beredskapen, det å få straumen fort opp igjen og til slutt etterarbeidet som vi jobbar systematisk med.

– NVE bør avstå frå straff

Dei førebelse summane inkluderer altså ei straff NVE kan krevje inn frå energiselskapa for at dei ikkje har klart å levere energi. Desse kostnadane kan utgjere millionar, men selskapa vil no søkje om å sleppe dette utlegget, seier Asgeir Aase i SFE.

– Vi håpar at dei tek til vit og ser at denne kompensasjonsordninga ikkje passar til ein slik situasjon som vi hadde i romjula, ergo bør dei sjå vekk frå det.

Uansett vil utgiftene etter Dagmar sette sitt preg på årsresultatet, seier Behrens i Sunnfjord Energi.

– Vi har store investeringar framover, og det å trekke pengar ut av oss no det kjennest tøft.

Fredrik Behrens

Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi.

Foto: Sondre Dalaker / NRK