Rusa biltjuv på heisatur i Sogn
Ein fyllekøyrar brukte fleire stolne farty for å ta seg rundt i Sogn på jakt etter ein stolen bil.
Publisert 01.08.2006 21:31.
- Skriv ut
Mannen i midten av 40-åra vart måndag kveld pågripen for promillekøyring i Balestrand. Etter ei natt i fyllearresten har han no tilstått i avhøyr hjå politiet.
Han har fortalt politiet at han tjuvlånte ein bil frå sambuaren i Lindås utanfor Bergen, og køyrte den til Høyanger. Der han tok til å drikke på eit hotell. Politiet seier det er usikkert om han var rusa før han kom til Høyanger.
Han køyrde vidare i retning av Balestrand, men hamna utfor vegen ved Målsnes.
Der stal han ein båt frå hamna, som han tok seg til Balestrand sentrum i. Vel framme fortøyde han båten og gjekk inn på eit hotell.
Der kjøpte han alkohol og suvenirar, før politiet arresterte han.
Mannen frå Sotra seier til politiet at heile denne turen vart gjort for å finne ein bil som vart stolen i Oslo.
Politiet seier at han kan forvente seg ei streng fengselsstraff, sjølv om han har tilstått alt.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket