Håpar ny nasjonal skredvarsling skal berge liv i norske fjell
TESTAR UT VARSLING: Snøskredfaren er stor når snøen lavar ned i store mengder. I fjor omkom 13 personar i heile landet i snøskred. NVE har sett i gang eit landsdekkande prosjekt for å gjera varslingstenesta betre.
Over tjue personar har mista livet i snøskred dei to siste vintrane. Eit viktig verkty for å hindre slike ulukker er ei nasjonal skredvarsling. No er den i ferd med å få fotfeste for alvor.
Publisert 11.01.2012 18:39.
- Kommentarer
- Skriv ut
Frikøyring i bratt terreng er blitt veldig populært i Norge, og med det aukar også faren for å bli teken av ras. Berre i fjor vinter omkom 13 personar i snøskred.
- LES OGSÅ: Verste snøskredvinteren på 25 år
Manglar skredvarsling
Men slik det er i dag finst det ikkje noko skikkeleg form for snøskredvarsling i Norge. Dermed er det vanskeleg for til dømes skifolk å vite kor farleg det er i fjellet der dei skal gå.
Meteorologisk institutt lager overordna varsel når snøskredfaren er som verst. Det alle håpar å få til er eit varslingssystem som er langt meir grundig og lokalt.
– Hensikta med ei slik skredvarsling er at det kan vere eit turplanleggingsverkty for dei som ferdast i fjellet, men at det og kan verke som ei varselklokke for beredskapsetatane, seier Markus Landrø i Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE).
- LES OGSÅ: NVE: Skredvarsel vil redde liv
- LES OGSÅ: Fryktar ny dødsvinter
(Artikkelen held fram under biletet)

RAS: Det går stadig snøskred langs både vegar og i terrenget. For ofte er det folk som blir råka.
Foto: John MollandSkal levere testvarsel frå heile landet
Og det blir no jobba hardt for å få eit slikt system oppe å gå. Alt i fjor vinter var NVE i gang med ein pilotperiode, der dei testa ut regionale snøskredvarsel i fem område. Denne vinteren har ein teke endå eit steg vidare, no er det til saman 23 testområde som er med i prosjektet.
Det vil seie at NVE denne vinteren kan tilby skredvarsel for desse skredutsette områda to gonger i veka. Men NVE understrekar at dette er testvarsel, men at dette er ikkje fullverdige varsel enno.
Eit av desse områda er Indre Sogn. Her var skredobservatørane i dag på kurs for å lære seg meir om korleis dei skal vurdere snøen. Sjå video øvst i saka.
Får hjelp av lokalkjende folk

TESTOMRÅDE: I alt er det i år 23 område som NVE skal lage testvarsel frå.
Over heile landet har NVE hanka inn eit handplukka observatørkorps som skal ut i fjellet for å gjere målingar. I sitt område skal dei ut for å gjere vurderingar i ei fjellside. Her skal dei ta snøprofilar og gjere vurderingar av snøforholda i terrenget.
– Personane som får denne jobben er folk som har kunnskap om korleis dei skal lese snøprofilar og korleis dei skal tolke dette, seier kommunikasjonsrådgjevar i NVE, Erik Due og legg til:
– Dette er folk som er vande med å ferdast i fjellet. Dei er dyktige fjellfolk med lang erfaring i å ferdast i vinterfjellet.
- LES OGSÅ: Bil tatt av snøskred på Vikafjellet
- LES OGSÅ: Dette er dei mest rasfarlege vegane
Fleire store aktørar med i prosjektet
Målingane som blir gjort ute i dei forskjellige områda blir deretter sende til Snøskredvarslinga. Her er det Norges Geotekniske institutt, NGI og Meteorologisk institutt som saman utarbeider snøskredvarsla.
I tillegg til observasjonane frå snømålingane inngår også data frå vêrstasjonar og avanserte simuleringar med vêr- og snømodellar som bakgrunn for dei varsla som blir sende ut.
Varsla vil etter kvart blir publisert gjennom ei eiga teneste på YR.no. NVE vil også leggje ut meir detaljerte varsel på sine heimesider.
I tillegg til observatørkorpset til NVE får dei også inn observasjonar frå folk i til dømes Statens vegvesen, Jernbaneverket, Statens Naturoppsyn, kommunar og alpinanlegg.
(Artikkelen held fram under videoen)
VARSLING: Kjetil Brattlien frå NGI instruerer dei nye snøskredobservatørane i korleis ein skal grave ut ein snøprofil. TV-saka er frå Molde, der observatørar allereie sist vinter fekk opplæring frå NVE.
Vil ha hjelp av deg
Men NVE vil også gjerne at folk flest som er i fjellet skal fortelje om det dei ser eller høyrer.
– Vi vil også at folk skal melde inn dersom dei ser at det har gått skred i eit område, eller om dei til dømes høyrer drønn i snødekket i nærleiken av der dei er, seier Due og viser til at dei er interessert i flest mogleg observasjonar frå fjellet.
Han oppmodar alle som går i fjellet om å bidra for å gje best moglege skredvarsel. Mellom anna kan folk rapportere om sprekkar i snøen, observasjonar i forhold til stabiliteten i snøen eller om kor mykje nysnø det har kome eller korleis vinden er i området.
- LES OGSÅ:Skredkartlegging tek fleire tiår
- LES OGSÅ: 140 vil lære skredvarsling
Eit viktig utgangspunkt
Dei regionale snøskredvarsla som blir laga vil dekke eit større område. Difor er det viktig at folk forstår at det vil vere store variasjonar i skredfaren innanfor eit varslingsområde.
Dette er avhengig av til dømes om fjellsida står mot sør eller nord, om den står i solside eller skuggeside og vindforhold. Varsla vil vere generelle overordna varsel, så må folk sjølv gjere lokale vurderingar, presiserer Due.
– Folk kan ikkje berre bruke desse varsla blindt og fyke ut i snøen, dei må bruke dei med sunn fornuft og vurdere dei lokale forholda der dei ferdast, seier Due.
– Folk må ha ein viss kunnskap
Uansett vil varsla vere viktige som eit utgangspunkt for at folk kan gjere seg sine eigne vurderingar og avgjerder. I tillegg vil eit regional varsel fungerer som eit viktig grunnlag for å utarbeide meir spesifikke lokale varsel eller punktvarsel, for til dømes ei spesifikk fjellside eller dalføre, forklarar han.
– Det er viktig at folk som ferdast i fjellet om vinteren har ein viss kunnskap om skred, på den måten vil dei få mest mogleg ut av desse varsla, seier Due.
Viktig for å førebygge ulukker

BRA: Kjetil Brattlien ved NGI set pris på at det blir jobba for å få til betre skredvarsling.
NRK– Vi i NGI veit at skredvarsling og fokus på skred er nødvendig for å redusere skredulukker i Norge. Det er superbra at dei forskjellige fagpersonane og lokalkjende kan samarbeide om å dele informasjon for å førebygge ulukker, seier Brattlien til friluftsmagasinet Friflyt.
Han er samtidig oppteken av at folk vel å bruke varsla på rett måte. Med det meiner han at folk vel å bruke varsla til å ta riktige val i forhold til førehandsreglar om kor ein går på ski og korleis ein utstyrer seg for å vere tryggast mogleg.
– Det hjelp ikkje å vite at det er skredfare 3 i helga, dersom du køyrer på stader som er for bratte og der konsekvensane av eit skred blir for store og der kameratredninga ikkje er til stades, seier Brattliten til FriFlyt.
Den europeiske skredfareskalaen
Skalaen går frå faregrad 1 - liten skredfare, til 5 - meget stor skredfare.
1 - liten skredfare: Skredutløysing er generelt kun mogleg ved store tilleggsbelastningar i nokre få ekstreme heng. Det er generelt trygt å ferdast i terrenget.
2- moderat skredfare: Skredutløysing er mogleg, spesielt ved store tilleggsbelastningar i brattheng. Det er stort sett gunstige forhold for ferdsel i terrenget, men det er tilrådd med gjennomtenkte ruteval, spesielt i utsette brattheng.
3 - markert skredfare: Skredutløysing er mogleg, også ved liten tilleggsbelastning i brattheng. Under spesielle forhold kan det gå nokre middels store og enkelte store naturleg utløyste skred. Det er delvis ugunstige forhold for ferdsel i terreng. Folk bør ha erfaring i å vurdere skredfare.
4 - stor skredfare: Skredutløysing er sannsynleg også ved liten tilleggsbelastning i mange brattheng. Under spesielle forhold kan det ventast mange middels store og nokre dels store naturleg utløyste skred. Ferdsel i terrenget bør kun skje i moderat bratt terrrent, og folk bør halde seg unna utløpsområder.
5 - meget stor skredfare: Det er sannsynleg at det vil gå mange store, i nokre tilfelle svært store, naturleg utløyste skred. Dette kan skje også i moderat bratt terreng. Folk bør halde seg unna alle plassar som kan vere skredutsette.
(Kjelde: Snoskred.no)
Les
- Verste snøskredvinteren på 25 år
- Fryktar ny dødsvinter
- NVE: Skredvarsel vil redde liv
- Skredkartlegging tek fleire tiår
- 140 vil lære skredvarsling
- Bil tatt av snøskred på Vikafjellet
- Vart ikkje overraska då rasa kom
- Dette er dei mest rasfarlege vegane
- Klar bane etter stort ras
- Stor snøskredfare i fjellet i nord

















Sol og sommar i fylket