41 potensielle skredområde skal undersøkjast - kan ta mange år

TOK NESTEN HUSET: Dette digre raset tok nesten eit hus i Fjærland. Kartlegginga dei neste åra skal undersøkje både kjende rasstader og ras der det ikkje har gått ras.
Foto: Steinar Lote/NRK– Det vil ta fleire tiår å få kartlagd alle områda rasfarlege område i heile landet, seier avdelingsdirektør Haavard Østhagen i NVE.
Publisert 11.01.2012 09:23.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det er eit omfattande arbeid Norges vassdrags- og energidirektorat skal til med no. I heile landet er det over 200 område som skal undersøkjast for potensielle stein, snø og jordskred.
I Sogn og Fjordane er det plukka ut 41 område, der 19 av dei har fått førsteprioritet. Ei undersøking for nokre år sidan, konkluderte med at om lag at 19 000 menneske i Sogn og Fjordane bur i område der det kan komme skred.
– Vi kjem til å starte med dei viktigast områda først, seier Østhagen.
- LES OGSÅ: Slik skal dei lære meir om skred
- LES OGSÅ: Ein av fem lever med rasfare
Folkerike område først
Østhagen reknar at kartlegginga for heile landet kjem til å koste rundt 70 millionar kroner. Han veit ikkje kor tid arbeidet kjem i gang, men det er ikkje berre pengar det står på. Også tilgang på nok fagfolk er viktig for å kunne jobben.

GEOLOGEN: Jaran Wasrud ved NVE har vore med å setje opp prioriteringslista.
Foto: Brit Jorunn Svanes/NRKEin av dei som har jobba med dette er geolog Jarand Wasrud ved NVE sitt kontor i Førde. Han har vore med i ei gruppe som har laga ei prioriteringslista over potensielt rasfarlege området i heile landet.
Områda som er med er stort sett folka og vurderinga er gjort på bakgrunn av kor mange folk som bur der og kva typar skred som kan komme. Ein del stader er kjende skredområda, andre er det ikkje.
– Området det bur mange folk, kjem høgast opp på lista og blir difor prioriterte.
Kan slå begge vegar
Han seier at dersom det er skredfare der det bur mange folk i dag, må det ulike tiltak til.
– Det kjem an på skredfaren. Men er det er mogleg å sikre, kan det bli sett opp sikringsvollar og fanggjerder.
– Kan det bli vanskelegare å få byggje i ein del område når arbeidet er ferdig?
– Det kan bli restriksjonar på visse område. Men samstundes kan det bli opna for utbygging i område der vi trudde det var skredfare og likevel ikkje er det. Dette kan altså slå begge vegar.
Avgjerande for kommunane
Fleire område på lista er sentrum i kommunane, mellom anna Førde, Måløy og Lærdal. Arbeidet er avgjerande for kommunane som skal planleggje kvar dei kan byggje i år framover.

VIKTIG: KS-leiar Jenny Følling håper kartlegginga skjer raskt.
Foto: NyhetsspillerKlimaforskarar meiner at vi får eit våtare og villare ver. Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, meiner difor det er viktig å få på plass ei slik kartlegging raskt.
– Når kommunane skal lage arealplanar, så er kunnskap om stabilitet i terrenget veldig viktig. Eg trur når vi ser ekstremvêret vi har no, med ras på nye stader, vil det vere avgjerande at vi ikkje tillet bygging i slike område.
– Kva tenkjer du om at det kan ta mange år før kartleggingsarbeidet er ferdig?
– Vi burde intensivere dette arbeidet og sette ressursar på det. Eg trur klimaplanlegging vil bli viktigare og viktigare, og då må vi ta omsyn til dei faktorane for å unngå skade på bygningar, liv og helse.
- LES OGSÅ: Fryktar kommunane får rekninga
- LES OGSÅ: Slik har skredvinteren vore
Trur Sogn og Fjordane blir prioritert
Sjølv om prioriteringslista er klar, vil det altså ta lang til før kartlegginga er ferdig. Men avdelingsdirektør Håvard Østhagen trur det rasutsette Sogn og Fjordane kjem til å hamne høgt på prioriteringslista.
– Det er eit av dei fylka, som saman med Hordaland og Møre og Romsdal, ligg slik til at dei har mange skredutsette område, seier han.
Dette er lista for Sogn og Fjordane:
Jordskred, snøskred og steinsprang - prioriterte områdera
| Kommune | Skredtype | Prioritet | Område |
|---|---|---|---|
| Askvoll | Steinsprang | 2 | Hestvika |
| Aurland | Jordskred | 1 | Aurlandsvangen, Flåm |
| Snøskred | 1 | Aurlandsvangen, Flåm. Gudvangen | |
| Steinsprang | 1 | Aurlandsvangen - Låvi, Flåm, Vassbygdi | |
| Balestrand | Jordskred | 1 | Balestrand sentrum nord |
| Snøskred | 2 | Balestrand, Esefjorden, Sværafjorden, Vetlefjorden | |
| Bremanger | Jordskred | 1 | Bremanger sentrum, Svelgen nord |
| Eid | Snøskred | 2 | Nordfjordeid, Eidsfjorden |
| Førde | Jordskred | 2 | Førde sentrum sør /Hafstad, Bergum/Haugum, Kyrkjebø, Slåtten, Vieåsen |
| Snøskred | 2 | Angedalen, delar av Holsavatnet | |
| Steinsprang | 2 | Vieåsem | |
| Hornindal | Jordskred | 1 | Hornindal sentrum |
| Snøskred | 2 | Hornindal | |
| Hyllestad | Snøskred | 2 | Sørbøvågen, Hovland |
| Høyanger | Jordskred | 1 | Høyanger sentrum, Kvammen, Austreim |
| Snøskred | 2 | Høyanger | |
| Steinsprang | 1 | Høyanger - Dale, Osland | |
| Steinsprang | 2 | Vadheim | |
| Jølster | Snøskred | 1 | Årdal - Skei, Ytrebø, Heggheim - Flata, Høyset - Hamrane, Vassenden, sørsida av Jølstravatnet |
| Luster | Jordskred | 1 | Gaupne |
| Jordskred | 2 | Luster | |
| Snøskred | 1 | Gaupne - Høyheimsvik, Solvorn, Jostedalen, Luster - Skansaneset, Moen - Skjolden - Fortun | |
| Steinsprang | 1 | Gaupne | |
| Steinsprang | 2 | Heggestad, Kruna, Fortun - Legene, Espe - Kjervik - Nyheim | |
| Lærdal | Snøskred | 1 | Lærdalsøyri - Ljøsne, Husum - Kvenshaugen |
| Steinsprang | 2 | Lærdalsøyri - Hauge, Tønjum - Haugshagan - Mjelde, Ljøsne - Sletten, Grøte - Øystad - Øvstabø - Rikheim, Bjoråk, Borlaug - Svingen, Teigum - Hegg - Oddheim, Borgund | |
| Selje | Steinsprang | 2 | Selje - Stranda, Rundereim |
| Sogndal | Jordskred | 1 | Sogndal sentrum nord og sør |
| Jordskred | 2 | Bjørk ved Kaupanger | |
| Steinsprang | 2 | Fardal - Ylvisåker | |
| Stryn | Jordskred | 1 | Bø ved Stryn sentrum nord |
| Jordskred | 2 | Visnes ved Stryn sentrum, Hildestranda i Innvik, Muristranda i Olden | |
| Snøskred | 1 | Stryn, deler langs sørsida av Strynevatnet, Loen, Olden, Briksdalen | |
| Steinsprang | 2 | Olden - Flata, Eide - Melein, Kvame | |
| Vik | Snøskred | 2 | Vikøyri, Arnafjorden |
| Vågsøy | Jordskred | 1 | Måløy sentrum |
| Jordskred | 2 | Tennebø, Raudeberg | |
| Snøskred | 2 | Måløy, Refvika, Vågsvåg, Kapellneset - Nordvågsøy | |
| Årdal | Snøskred | 1 | Seim, Årdalstangen, Øvre Årdal |
| Steinsprang | 1 | Årdalstangen, Øvre Årdal, Tronteigen | |
| Kjelde: NVE |
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket