Hopp til innhold

Folk i Solund sa nei til vindmøller

Fleirtalet av innbyggjarane i Solund vil ikkje ha fleire store vindmølleparkar i kommunen.

Opptelling av stemmene i folkerøystinga i Solund

SPENT: Ordførar Ole Gunnar Krahellen følgde spent med på oppteljinga av stemmene.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Innbyggjarane i den vesle kommunen gjekk i dag til stemmeurnene for å seie ja eller nei til utbygging av vindkraft i kommunen.

Saka har skapt enormt engasjement og den nyvalde ordføraren sa i haust at noko av det viktigaste i tida framover var å finne ut kva ein skulle gjere i forhold til vindkraftutbygging.

Knapt fleirtal mot

I dag fekk innbyggjarane seie sitt. 444 av dei 698 røysteføre gjekk til urnene med si stemme, og etter oppteljinga måndag kveld er resultatet klart.

204 seier ja til vindkraftutbygging, 229 nei, medan 11 stemte blankt. Det vil seie at innbyggjarane med ein knapt fleirtal sa nei til vindkraftutbygging.

– No må vi ta ei kontrollteljing, så blir det opp til partia i kommunen å ta sine vurderingar ut får dette, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen til NRK.no.

Like før klokka 20 er kontrollteljinga klar. Den syner at 45,9 prosent er for vindkraftutbygging, medan 51,6 prosent er mot. Dei siste 2,5 prosentane stemte blankt.

I tillegg til hovudspørsmålet, for eller mot vindkraftutbygging har innbyggjarane også svart på korleis dei stiller seg til dei forskjellige utbyggingane. Her har innbyggjarane svart slik:

  • Lita utbygging i Ytre Sula: 210 for, 210 mot, 24 blanke
  • Ulvegreina: 201 for, 227 mot, 16 blanke
  • Ytre Sula: 190 for, 235 mot, 19 blanke

Det var altså mest motstand mot den største av utbyggingane i Ytre Sula.

Trur på arbeidsplassar og inntekt

Den vesle kommunen i havgapet kan få 88 vindturbinar fordelt på tre vindparkar. Dette er svært omdiskutert, for turfolk meiner vindturbinane vil øydeleggje for friluftsliv og turisme. Andre meiner vindparkane vil gje viktige inntekter for ein fattig kommune.

– Dei som er for, ser for seg større aktivitet i kommunen, fleire arbeidsplassar og meir inntekt, fortalde Krakhellen til NRK.no tidlegare måndag.

Krakhellen håpa då på stor oppslutnad om folkerøystinga. Han seier det tidlegare berre har vore ei folkerøysting om vindkraft i Norge, i tillegg til ei spørjeundersøking i ein kommune.

(Artikkelen held fram under biletet)

Folkerøysting om vindmøller i Solund

KNAPT: Berre 25 røyster skilde mellom ja og nei.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Skal gje råd til politikarane

Ole Gunnar Krakhellen

OPP TIL POLITIKARANE: Det er no opp til kommunestyret å avgjere, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Vidar Gudvangen/MMS-foto / NRK

For kommunen har det vore viktig at innbyggjarane skal få vere med å bestemme. Folkerøystinga i dag skal vere rådgjevande for politikarane. Innan 2. februar skal kommunestyret ha klar si høyringsuttale til NVE.

Då NRK snakka med ordføraren måndag føremiddag sa han at han trudde avrøystinga ville bli lagt vekt på. Spesielt dersom den hadde eit klart resultat den eine vegen.

Men fleirtalet som stemte i mot vindkraftutbygging syner seg no å vere svært knapt. Berre 25 fleire sa nei til vindmøller enn grupperinga som sa ja.

Politikarane som bad innbyggjarane om råd, har no ikkje fått eit heilt eintydig svar tilbake.

– Dette får vi tolke slik at det er ulike meiningar om dette. No ligg mandatet hos kommunestyret, og vi må vurderer fordelar og ulemper. Deretter må vi ta eit endeleg val, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen til NRK kort tid etter av oppteljinga var klar.

– Ikkje overraska

Gunn Åmdal Mongstad

NØGD: Tidlegare ordførar Gunn Åmdal Mongstad er glad så mange valde å seie nei til vindkraftutbygging.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tidlegare ordførar og gruppeleiar for Senterpartiet i kommunestyret, Gunn Åmdal Mongstad er ikkje overraska over at innbyggjarane er delte i meiningane om vindmølleutbygging.

Senterpartiet har heile tida vore skeptiske til ei utbygging, og ho er glad for at også innbyggjarane no har fått seie sitt gjennom ei heilt konkret avrøysting.

– Eg er glad det er så mange som synst at dette blir for store inngrep i ein kommune som vår, seier Åmdal Mongstad til NRK.no og legg til:

– Eg er glad folk vel å ha tru på Solund, sjølv utan vindmøller.

Ho seier avrøystinga har forsterka hennar oppfatning av kva som er rett i saka.

– For meg blir det feil å byggje ut vindkraft i Solund. Det blir for store inngrep i ein for spesiell natur, seier den tidlegare ordføraren.