Hopp til innhold

Hovland avgjer klubbvalet sjølv – nesten uansett bod

Sogndal-spelar Even Hovland ser i dag på forholda i Molde FK. No er det opp til han sjølv kvar han spelar fotball kommande sesong.

Even Hovland

TIL MOLDE: Even Hovland er fredag i Rosenes by for å sjå på forholda hos manager Ole Gunnar Solskjær & co.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det stadfestar styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness.

– Even har vist god utvikling i Sogndal og tida er inne for at han tek eit steg vidare. Vi har nokre interesserte klubbar og håpar på ei avklaring før Even reiser på landslagssamling tysdag, seier han til NRK.no.

– Set Even i fokus

Frå fleire hald vert det opplyst at det står mellom fjorårets norske seriemeister Molde og klubben til den russiske mangemilliardæren Suleyman Kerimov, Anzhi Makhatsjkala.

– Even må reise ein stad der han ynskjer å vere, seier Ness. Styreleiaren vedgår at dette betyr at Hovland sjølv får avgjere kvar han spelar fotball – så lenge bodet er innan Sogndal sine råmer.

I media har det versert spekulasjonar om eit bod på åtte millionar kroner frå Molde, og eit bod på 18 millionar kroner frå Russland.

– No set vi Even i fokus. Vi ynskjer å gje han moglegheit til å gå eit steg vidare, seier han.

Reiste til Molde

Ness vil ikkje kommentere noko overgangssum. Han er på ferie og er ikkje kjend med at det har kome skriftlege bod på Even Hovland.

Torsdag kveld reiste 22-åringen og agent Jim Solbakken til Rosenes by for å møte sportsleg leiar Tarje Nordstrand Jacobsen og manager Ole Gunnar Solskjær. Fleire media reknar med at vaimingen allereie fredag blir Molde-spelar.

– Han er i Molde for å sjå på forholda. Eg håpar han nyttar tida til tysdag på å vurdere alternativ, seier Ness.

Kan tene rått

Ifølgje TV2 vil tre år i Russland kunne bety 25 millionar kroner netto – pluss bonus – for Hovland. Det er langt over det Molde vil kunne tilby.

Med 13 poeng opp til serieleiar Zenit er Anzhi førebels på 7. plass av 16 lag i den russiske ligaen.

Klubben, der brasilianske Roberto Carlos er mellom trenarane, gjorde Samuel Eto'o til verdas best betalte fotballspelar. Hovland har tidlegare uttala til NRK at russisk fotball vil vere eit godt steg opp i karriera .

– For meg handlar det om å gjere det rett reint karrieremessig, seier 22-åringen til TV2.