Hopp til innhold

No tek Olsson full styring på maten til Sogndal-spelarane

Den nye Sogndal-trenaren innfører eit heilt nytt kosthaldsregime, og samanliknar det å spele fotball på toppnivå med dei beste langrennsløparane.

Jonas Olsson

FULL KONTROLL: Sogndal sine nye trenar, svenske Jonas Olsson, leia i dag si første trening med laget. F.v. Ole Jørgen Halvorsen, Per Egil Flo og Ruben Holsæter.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

No er det slutt på dårlege frukost -og lunsjvanar for Sogndal-spelarane. Då dei var samla til første trening i dag, var beskjeden frå nyetrenar Jonas Olsson klar:

– Vi samlast til felles frukost i morgon frå klokka åtte, helst kvart på åtte. Det er obligatorisk, sa Olsson til spelarane.

Tek med svensk kultur

Den tidlegare svenske toppspelaren og trenaren har med seg fleire element frå Sverige til norsk toppfotball og Sogndal. Men matkultur er noko av det viktigaste, meiner han sjølv.

– Eg tek med meg mykje frå Sverige. Vi hadde ei veldig bra haldning der i høve kosthald, og det er veldig viktig tykkjer eg, seier Olsson til NRK.

For Sogndal-spelarane tyder det mykje meir frukt og grønt, og sunne matvanar døgnet rundt heretter.

Vil gjere som skiløparane

Han legg ikkje skjul på at han gjerne ser at den haldninga til mat som finst mellom anna hos langrennsløparar på toppnivå, no vert vidareført også i fotballmiljøet. Mat er viktig for å prestere, meiner Olsson.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Jonas Olson ny Sogndaltrenar

SJÅ TV-SAKA: Jonas Olsson tok full styring på maten under si første trening med Sogndal.

– Det ser ein jo berre på norsk skisport og kor nøye dei er på mat og kosthald. Det skal ikkje vere nokon skilnad på om ein er skiløper eller fotballspelar, sler Sogndal sine nye sjef klart fast.

Må få ei haldningsendring

Etter ein lang julepause, tykte spelarane sjølve det var godt å kome ut på bana att. Ei intens økt til ære for presse og publikum, men også for å gje Olsson eit førsteinntrykk spelarstallen.

– Førebels har eg berre fått eit godt inntrykk av spelarane.

– Men må det til ei haldningsendring for at Sogndal skal klare å kome enda litt høgare opp på tabellen?

– Ja, det er klart. Kost er ein viktig del for meg, men sjølvsagt finst det og andre detaljer som vi skal forsøke å bli enda betre på, seier den høgreiste trenaren.