Hopp til innhold

Telenor: - Teleberedskapen er like god no som den var tidlegare

Halvanna veke etter uvêret er det framleis folk i Sogn og Fjordane som ikkje har telefondekning. Samtidig hevdar Telenor at leveringstryggleiken ikkje er dårlegare enn før.

Øydelagde telelinjer etter uvêret "Dagmar"

MYKJE ARBEID: Dei har jobba på spreng i halvanna veke, men framleis er det mykje jobb som står att for telemontørane. Her er Rune Knapstad frå Eltel i sving i Årdal i Gloppen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Etter nyttårsorkanen i 1992 hadde folk telefonsamband sjølv om det var den verste stormen som er målt her til lands.

Men etter ekstremvêret natt til 1. juledag er situasjonen annleis. Tusenvis av tre velta over kraft- og telelinjer og det har blitt jobba på spreng for å rydde linjene. Framleis er det folk som ikkje har fått att telesambandet.

Likevel hevdar Telenor at teleberedskapen er like god no som før. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er blant dei som ikkje har tru på det.

Framleis manglar 200 telesamband

Rune Knapstad

FÅR HJELP: Rune Knapstad og telemontørane i Eltel får neste veke hjelp frå Polen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Sjølv om det no er lenge sidan stormen løya er det framleis vel 200 personar i Sogn og Fjordane som ikkje har fått att telesambandet. Blant dei er bygda Årdal i Gloppen. Her jobbar Rune Knapstad og dei andre telemontørane i Eltel for fullt.

– Det er veldig hektisk for oss. Vi har hatt folk som har jobba på spreng sidan 1. juledag, og har kalla tilbake alt tilgjengeleg personell frå juleferie, seier Knapstad.

Væpna med motorsag har dei hatt ei stri tørn med å rydde opp i det som vart eit totalt samanbrot i all kommunikasjon i store delar av Sogn og Fjordane. Det vil gå lang tid før alle problema er løyste.

– Problemet er at det er veldig mange stader der tre har velta og ligg ned på kablane. Anten har dei gjort permanent skade, eller så har dei berre klemstra dei, seier Knapstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øydelagde telelinjer etter uvêret "Dagmar"

KLEMSTRA: Desse telelinjene i Årdal i Gloppen er skviste av fleire tre etter uvêret.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Stiller spørsmål til konsesjonskrav

Samanbrotet i telekommunikasjonen her i fylket tok kriseetatane på senga. Då sambandet forsvann fantest det ikkje alternative løysingar og enkelte kommunar vart totalt isolerte i nær to døgn.

Dette står i skarp kontrast til nyttårsorkanen i 1992, då telesambandet fungerte, trass i at det er ein av dei verste stormane som er målt her til lands. Fylkesmann Anne Karin Hamre stilte denne veka spørsmål om teleselskapa har fått dårlegare beredskap dei siste åra.

– Det er ein skremmande situasjon å vere i. Her er det mange spørsmål å stille seg, og det er også relevant å stille spørsmål om kva konsesjonskrav teleselskapa har når det gjeld beredskap. Slik situasjonen har vore er det rett og slett ikkje godt nok, seier Hamre.

I etterkant av uvêret har NRK blitt kontakta av ei rekkje tidlegare telemontørar som er svært kritiske til Telenor. Dei meiner teleberedskapen no er dårlegare enn på 1980-talet. Mellom anna viser dei til at det er langt færre montørar som kan rykkje ut og rydde opp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rydding av skog langs telelinjene

RYDDING AV SKOG: Det er mykje skog som skal ryddast langs både kraft- og telelinjer i heile Sogn og Fjordane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Avviser kritikken

Knapt nokon samfunnssektor har hatt ei slik utvikling som telesektoren dei siste tjue åra. Det gamle Televerket er borte, igjen står private aktørar som driftar telenetter på anbod. I Sogn og Fjordane er det Eltel som driftar fasttelefoni og mobilnettet, dei har om lag 30 personar i felten til vanleg fordelt over heile fylket.

Men trass i at folk mista summetonen i fleire dagar, og at fylket opplevde ein unntakstilstand som aldri har skjedd tidlegare, nektar dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen for at teleberedskapen er blitt meir sårbar dei siste 20 åra.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge

EKSTREM: Bjørn Amundsen i Telenor meiner beredskapen er like god no som før.

Foto: Telenor

– Eg deler ikkje det synspunktet. Det betyr ikkje at vi har vore perfekte, vi skal sjølvsagt gå gjennom rutinane våre for å sjå om ting kunne vore gjort annleis, seier Amundsen.

Han meiner situasjonen har vore heilt ekstrem.

– Telenor er ein teleoperatør, og ingen straumleverandør. Vi har basert oss på at straumen skal vere stabil, og vi har ein batteriberedskap på dei aller fleste basestasjonene. Men vi har ikkje for dagar, vi har for timar, seier Amundsen.

Får hjelp frå Polen

I Årdal slit montørane med å få trea vekk frå linene. Knapstad seier dei 30 montørane og ingeniørane her i fylket no får bistand frå Eltel i Hordaland og i neste veke frå Polen og Litauen.

Totalt vil 60–70 personar vere i sving med opprydding. Sjølv om snart alle har fått summetonen tilbake, vil det ta fleire veker før alle feil er endeleg retta.

– Det kan gå ein heilt månad før vi har full oversikt. Det er utruleg mykje skog som har ramla ned, seier Knapstad.