– Medan vi sat inne med stearinlysa tende, kom vi på ideen om å samle alle oldedølene blant bjørketrea som låg som fyrstikker rundt om for å syngje «Mellom bakkar og berg», fortel Linda Gytri.
NRK-fotograf Dag Ivar Indrebø var heime på juleferie, og han er ein handlingens mann som meir enn gjerne vart med på litt romjulsmoro. Spesielt sidan juleferien nok vart noko spesiell med både orkan og straumløyse over lengre tid.
Køyrde rundt til alle hus
– Vi sette oss i bilen i lag med Veronica som sjåfør og køyrde rundt og banka på dørene til samtlege i Oldedalen og presenterte denne galne ideen. Og det som var endå verre, var at folk sa ja med ein gong, ler Gytri.
Så medan rotveltene låg strødde og vinden bles, samla 50–60 oldedølingar seg til kordyst.
– Opphavleg tenkte vi at det var blandakoret som skulle syngje, men etter kvart som vi køyrde rundt i dalen, fann vi ut at det vart endå betre om både dei aller yngste og dei aller eldste var med, seier Gytri.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Eit verkeleg blanda kor
Dermed vart det eit blandakor i ordets rette forstand, både når det gjaldt stemmer og alder. Yngstemann var berre eit par år, medan eldstemann var i overkant av 80.
Erling Briksdal var dirigent, og utstyrt med stemmegaffel, fann han rett tone til medlemmene av det provisoriske uvêrskoret.
– Han dirigerte med stødig leiing, fortel Gytri, som legg til at det verkeleg gjorde inntrykk å stå slik å syngje midt i øydeleggingane.
– Det var ganske sterkt å stå midt oppi det heile å syngje, fortel Gytri.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Nesten som grendehusbasar
Om dette vert ein ny nyttårstradisjon ser ikkje Gytri vekk ifrå.
– Ideen er iallfall god. To av julefestane vart jo avlyste, så det spørst om vi ikkje skal satse på nyttårsfestar heretter, seier Gytri.
– Ho Gro innpå Melkevoll sa så treffande at det berre var kaffi og kaker som mangla, så hadde det vore nett som ein grendehusbasar, berre at det var utandørs, seier Gytri.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Orkanen Dagmar gjorde sitt til at Oldedalen var utan både straum og telefonsamband, men det førte slett ikkje til at oldedalingane ikkje fekk tak i kvarandre.
– I mangel på at vi har vore så tilgjengelege som vi er vande med, var vi faktisk meir tilgjengelege for dei folka som vi trefte. Vi stod ikkje og sjekka tekstmeldingar mens vi prata med folk, men var i staden til stades. Det er kanskje ein liten vekkjar på kva som er viktig, nemleg å sjå folk og snakke med dei, seier Gytri.