Hopp til innhold

– Vi har visst lenge at dette kunne kome til å skje, seier innbyggjar

Det kom ikkje som noko overrasking på innbyggjarane i bygda Flo at vegen vart stengd av fleire store ras. – Vi har visst lenge at dette kunne kome til å skje, seier Kim Rune Flo oppgitt.

Den vesle bygda Flo i Stryn har sidan tysdag vore utan vegsamband. Samtidig som heile kommunen var utan straum og telefon kom rasa buldrande ned fjellsida. Lenge var situasjonen kaotisk, og det tok fleire timar før ein fekk fastslått at ingen personar eller bilar var råka.

Dei litt over 60 innbyggjarane i bygda må no bu seg på å vere utan veg i minst nokre dagar til. Ein periode onsdag var dei nær heilt isolerte, då vêret gjorde båttransport på vatnet umogleg.

I nokre timar var helikoptertransport einaste måten å komme seg til og frå. Onsdag kveld ved 19.30-tida melder Statens vegvesen at vegen inn til bygda er opna att.

Er ikkje overraska over vegstenging

Kim Rune Flo fortel at innbyggjarane i bygda ikkje er overraska over det som no har skjedd. I årevis har dei kjempa for rassikring, utan at noko har blitt gjort.

– Vi har visst at dette kan skje, og vi har gitt beskjed, seier Flo.

Dei store rasa har ifølgje Flo feia med seg rasvollar som er over 20 år gamle. Desse er feia rett på vatnet og Flo fortel om veldige øydeleggingar.

– Det er enorme krefter som har vore i sving. Det er heilt utruleg, seier Flo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video d9ec739d-16e8-44b4-aae4-e6b328e779f9.jpg

UTAN VEG: I tillegg til Flo, er også den vesle bygda Otterdal i nabokommunen utan vegsamband etter uvêret.

Truleg dei største rasa på svært lenge

Han har snakka med mange i bygda, og kan heller ikkje hugse at det tidlegare har blitt snakka om ras av same dimensjon. Som liten gut hugsa han nokre stygge rasvintrar på 80-talet, men den gongen var det store snøskred som sperra vegen.

Uansett er det svært lenge sidan det har gått så store stein- og jordras på denne strekninga.

Bygda er framleis utan straum etter uvêret, og slik vil det truleg vere nokre dagar til. Tysdag kom endeleg telenettet tilbake, og Flo seier dei vel 50 innbyggjarane som framleis er igjen i bygda ikkje er skeptiske til å vere her.

– Det har aldri vore noko problem å vere i sjølve bygda Flo. Her har vi det vi treng og det er trygt, seier Flo.

– Håpar nokon forstår alvoret

Onsdag ettermiddag fekk dei inn forsyningar av mat. Flo håpar hendinga kan få dei som løyver pengar til veg til å opne auga.

– Eg håpar det som no har skjedd syner behovet for ein samanhengande tunnel. Det hjelp ikkje å gjere litt her og litt der, seier Flo.

På Vegvesenet sin heilt ferske rassikringsplan er vegen til Flo på femte plass over fylkesvegar dei meiner bør rassikrast. Vegvesenet ser for seg ein tunnel frå Mindresunde til Flo og trur denne vil koste om lag 175 millionar kroner.