Hopp til innhold

Omkom då han fekk tre over seg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 50-åra omkom i ettermiddag då han fekk eit tre over seg ved Hafslo i Luster kommune.

– Ulukka skjedde i samband med opprydding langs av fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond etter stormen, opplyser operasjonsleiar Svein Rød i politiet til NRK.

I samband med arbeidet, fekk mannen fekk eit tre over seg, og livet stod ikkje til å redde.

Budde i området

Mannen i sluttten av 50-åra, var ein del av eit større arbeidslag som var innleigd av Mesta. Dei var i ferd med å rydde opp langs vegen etter romjulsorkanen, då den tragiske ulukka skjedde.

Ambulanse og lege vart varsla klokka 12.52 og mannen vart erklært død litt før klokka 14, opplyser politiet.

Mannen var heimehøyrande i nærområdet, og den tragiske ulukka har skaka opp lokalsamfunnet på Hafslo.

Kom raskt til staden

Kommuneoverlege i Luster, Knut Cotta Schønberg, var med på utrykninga til ulukkesstaden.

– Han vart alvorleg skadd under trefellinga. Helsetenesta kom fram så raskt dei kunne, men forsøk på gjenoppliving gjekk ikkje, seier Schønberg ti Bergens Tidende.

To lokale ambulansar og luftambulansen frå Førde vart send til ulukkesstaden ved området Soget mellom Hafslo og Veitastrond.