Hopp til innhold

Endeleg fekk Stryn tilbake straumen

Mange innbyggjarar i Stryn, Hornindal og Gloppen fekk tysdag kveld tilbake straumen – to døgn etter at bygdene vart mørklagde.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn
Foto: Arne Vik

SISTE: Klokka 22.30 skal straumen vere tilbake i storparten av dei tre kommunane.

– Kjende feil på ei av dei viktige hovudforsyningslinjene til indre Nordfjord er under reparasjon, og linja er venta å bli forsøkt spenningssett rundt 18.00 i dag, seier kommunikasjonsdirektør Kai Petter Sårheim i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til NRK tysdag ettermiddag.

Kan bli oppdaga fleire småfeil

– Dersom det ikkje dukkar opp nye problem under arbeidet med å få spenning på denne linja, vil det gjere det mogleg å få straum i det underliggjande lokalnettet i kommunane Stryn, Hornindal og Gloppen unnateke Hyen, seier han.

Det er om lag to døgn sidan straumen forsvann i dei tre kommunane. Først no kan det endeleg vere lys i enden av tunnelen.

– Sjølv om desse områda generelt får att straumen klokka 18, vil det kunne bli oppdaga lokale lågspentfeil som fører til at enkelte abonnentar ikkje får att straumen før desse er reparert, opplyser Sårheim.

– Ei god kjensle

Like før klokka 18 får NRK ein telefon frå ein oppglødd ordførar i Stryn. På satellittelefon kan Sven Flo fortelje at dei endeleg ser lysa bli tente rundt om kring i sentrum.

– Klokka 17.40 fekk vi straumen tilbake i sentrum av Stryn. Det er ei god kjensle å sjå lysa bli tente rundt om kring, seier Flo til NRK.no.

Han seier resten av kommunen no vil få straumen tilbake etter kvart og seier den først vil komme til Loen, Olden, Innvik og Stryn.

– Truleg vil det skje etter kvart i løpet av kvelden, natta og ut på morgonen. Meir eksakt kan vi ikkje vere, seier Flo til NRK.no.

Han seier det er godt at situasjonen no byrjar å fungere igjen, men seier det framleis er mykje jobb att før situasjonen i kommunen er normalisert. Framleis manglar dei dekning på både mobil og fasttelefonar, men dette vil truleg rette seg etter kvart no når straumen er på plass igjen.

– Vellukka, så langt

Klokka 18.20 melder SFE i ei pressemelding at arbeidet med å sette spenning på ei av hovudforsyningslinjene i indre Nordfjord har vore vellukka så langt. Det blir no jobba med å sette spenning på det lokale nettet, og i samband med dette arbeidet vil folk kunne oppleve at straumen går litt av og på utover kvelden.

Dersom alt går som det skal vil det vere snakk om nesten 6000 abonnentar som no får straumen tilbake. SFE tek atterhald om at det kan bli oppdaga feil undervegs.

Då NRK snakka med nettsjef Asgeir Aase klokka 22.30 kunne han fortelje at storparten av både Hornindal, Stryn og Gloppen no har fått straumen tilbake.

Mange har fått straumen tilbake

Dette er siste status frå SFE, sendt ut i pressemelding like før klokka 17:00:

• Askvoll: Siste området (grense mot Førde/Naustdal) vert klart i løpet av kvelden, men kan vere enkeltståande lågspentfeil.

• Naustdal: Småkrinsar utan straum, området Hjøringebø/Ålesundet vert ikkje klart i dag.

• Bremanger: Det er berre Liset som no ligg ute, men tvilsamt om dette området får straum i dag grunna omfattande skader på høgspentnett.

• Florø: Enkeltståande høgspentfeil som i hovudsak er under arbeid og det meste kjem inn i kveld (gjeld Askrova, Hovden, strekninga Sandvik-Nyttingnes, Svardalsosen, Ramsdalen). Som andre kommunar diverse lågspentfeil.

• Måløy: Det meste av kommunen har straum, med unntak av Haus-Midthjell, Saltkjel-Silda, Kråkenes, Flatraket-området. Flatraket-området inkludert Selje sør kjem neppe inn att i dag.

Både i Aurland og Lærdal skal straumsituasjonen tysdag ettermiddag tilnærma normal, berre med unnatak av nokre få husstandar.