Hopp til innhold

Det har gått seks store skred i Stryn

Tysdag føremiddag gjekk det seks ras på vegen inn til bygda Flo i Stryn. Lenge var situasjonen uavklara, men politiet er no sikre på at ingen personar vart tekne.

Bygda Flo i Stryn

UTAN VEGSAMBAND: Etter fleire ras tysdag er den vesle bygda Flo i Stryn utan veg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har fått melding om at det har gått seks ganske store ras på fylkesveg 722 mellom Stryn og Flo. Politiet er no på staden og tek seg forbi rasstadene til fots for å komme seg inn til Flo og snakke med dei som bur der, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK like før klokka 13.30.

Det er førebels ingenting som indikerer at folk eller bilar skal vere tekne av raset.

– Rasa har gått i eit område som ikkje er busett, seier Rimmen.

Har bedd om geolog

Han har førebels ikkje tal på kor mange personar som no er innestengde på Flo.

– Det er også rekvirert geolog for å vurdere rasfaren i området, seier Rimmen.

Situasjonen er prekær i høve det å få ut informasjon, då det er enorme problem med tele- og datanettet i Stryn kommune.

– Det er absolutt ingen telefondekning i Stryn, seier Rimmen.

Politiet fekk melding om rasa klokka 12.14.

Ber folk halde seg heime

Ordførar i Stryn, Sven Flo, stadfestar at det har komme mykje nedbør i området, og at det har rasa mykje. Han oppmodar folk om å ikkje reise ut på vegane om det ikkje er naudsynt.

– Vi vil ikkje at folk skal røre seg ute i det heile teke. For rasfaren er stor, seier Flo.

Politi og anna mannskap er på veg ut til rasområda, og veit lite om kva som ventar dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Flo er stengd av ras

STENGD: Vegen inn til bygda vart stengd etter rasa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Svært vanskeleg situasjon

– Situasjonen er svært uavklart. Vi har folk på veg, men vi har overhovud ikkje kontakt med folk i området. Vi veit ikkje om folk er tekne av nokon av rasa, eller kva vi eventuelt skal gjere om det er nokon som er tekne av ras, seier operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Vegvesenet har enno ikkje fått kontakt med entreprenøren på grunn av manglande telefonlinje, men vi jobbar med å skaffe oss ei oversikt, seier operasjonsleiaren ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Sikre på at ingen var tekne

NRK hadde i 16.30-tida tysdag kveld kontakt med ordførar Sven Flo. Han kunne då fortelje at eit helikopter har undersøkt rasstaden frå lufta, og ein har til no ikkje fått bekrefta mistanken om at bilar eller personar er råka av raset.

Seinare tysdag kveld stadfestar politiet at dei er sikre på at ingen personar eller bilar vart råka av rasa.

Dei seks rasa skal ha gått mellom Veslebygda og Flo. Vegen vil truleg vere stengd ei god stund, og etter det politiet kjenner til er det aktuelt å opprette eit båtrute.

Ordførar Sven Flo snakkar i satelittelefonen

DÅRLEG KOMMUNIKASJON: Denne satelittelefonen er den einaste formen for kommunikasjon for ordførar Sven Flo i Stryn.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK