Hopp til innhold

Framleis store mobilproblem

Tysdag morgon er framleis mange tusen i Sogn og Fjordane utan mobiltelefonsamband.

Mobiltelefon

Ein mobiltelefon med kontakt med omverda er det ikkje alle i Sogn og Fjordane som har.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Situasjonen er stort sett den same som i går kveld, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Og han kan ikkje love betring før straumen til basestasjonane er tilbake.

– Som regel får dei fleste att sambandet med det same straumen er på att, men det kan vere at det trengst reparasjonar, og det får vi ikkje oversyn over før vi får straum.

– Særleg i Nordfjord

Det er særleg i Nordfjord folk manglar mobilsamband. Stryn, Hornindal og Gloppen er hardt råka, og berre i Vågsøy er 20 av basestasjonane til Telenor ute av drift.

Men også i resten av fylket er det mange utan mobilsamband, og det gjeld også abonnementar i område der det er straum.

Amundsen kan ikkje oppgje noko eksakt tal på kor mange som manglar samband.

Netcom opplyser at dei har 51 basestasjonar i Sogn og Fjordane ute av drift. Kor mange abonnentar det handlar om viet dei ikkje.