Hopp til innhold

Slik er stoda i kommunane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, samt ulike straumselskap, har sendt ut følgjande liste med status for dei ulike kommunane etter stormen Dagmar sine herjingar. Her finn ein også naudsynt kontaktinformasjon.

Eid

Kriseleiinga i kommunen har avgjort å stenge Sjøgata på grunn av vind og flo. Det er venta at vatn kan kome innover sentrum. Deler av telenettet er i ferd med å kome på plass. Sentrum av Nordfjordeid har fått att straumen. Alle institusjonar har straum

Kontaktperson: Ordførar Alfred Bjørlo 57 88 58 15
Rådhuset er kontaktpunkt, bemanna utover ettermiddag/kveld

Stryn

Det meste av kommunen utan telefon. Kriseleiing er samla ved Stryn omsorgssenter. Straumen kjem ikkje tilbake før tidlegast onsdag.

Kontaktperson: Sven Flo
Satelittelefon: 08 81 64 14 63 767
Stryn omsorgssenter 1 etg,

Hornindal

Folk frå Fylkesmannen er på veg måndag kveld. Ikkje straum og telenett. Otterdal er isolert. Straumen kjem truleg ikkje tilbake måndag.

Kontaktperson: Frank Westad 978 79 804
Satelitttelefon til omsorgssenteret: 881621418422

Selje

Utan straum, men med håp om delvis tilknyting utover kvelden. Mobilnett i deler av kommunen mellom Årsheim og Leikanger.

Kontaktperson: Reidar Sandviknes 913 51 038

Oppmøtestad: Sjukeheim

Vågsøy

Full kontroll på alle institusjonar, men kommunen har ikkje telefonkommunikasjon. Kommunen er utan straum, med unntak av Måløy sentrum.

Kontaktperson Båten Frøanes / Måløy Brannkorps: Satelitttelefon 21 52 68 84

Oppmøtestad: Rådhuset

Bremanger

Straumen er tilbake i Svelgen sentrum. Det var etablert spenning fram til Rugsund sekundærstasjon omalg klokka 18.30.
Utfordringar på sjukeheim i Kalvåg, større aggregat på veg, legevakt fungerer,
Mobilnettet er stor sett nede.
To legar er på vakt, og folk kan møte på helsesenteret. Det er etablert radionett med lege, ambulanse og brann.
Kontaktperson: Rådmann Tom Joesen: 57 79 30 29
Satellitttelefon til politiet: 00881641411259
Oppmøtestad: Røde Kors-huset

Gloppen

Ikkje kontakt med kommunen, men via HF-samband.Har satelitttelefon på legekontoret med varierande dekning.

Straumen er tilbake i sentrum av Sandane. Uvisst kva tid den kjem attende i andre delar av kommunen.

Flora

Straumen er tilbake dei fleste stader, men ikkje i Øygarden utanfor Florø. Bygdene på strekninga Svardal-Vevring er utan straum. Telenettet oppe.

Naustdal

Alt ok

Førde

Straumen er tilbake, telenettet oppe. Alt står vel til med legevakt og omsorgsinstituasjonar og vegar.
Kontaktperson: Rådmann Ole John Østenstad: 901 79 283

Jølster

Ikkje telefonkontakt med kommuneleiinga på Skei.
Kontaktakt via HF. Kommuen er framleis utan straum, men det vart etablert spenning fram til Skei sekundærstasjon klokka 17.55,

Gaular

Viksdalen og deler av Sande er utan straum, Sande sentrum og resten av kommunen har straum.
Alle kommunale institusjonar har straum.

Telenettet ute med unntak av Sande

Kontaktperson: Rådmann Helge Følid: 906 58 847

Høyanger

Høyanger sentrum er isolert. Vegen er stengt ved Lånefjorden, rett etter utgongen til Høyangertunnelen. Der har det gått to jord og steinras. I tillegg er vegen stengd mellom Nordeide og Høyanger på grunn av mykje vatn i fjellsida som skapar problem på vegane.

Kriseleiinga er sett i verk. Det som gjeld helse og teknisk er under kontroll. Dersom det er akutte situasjonar vil helsepersonell kome seg gjennom vegsperringar.

Ein kan kontakte ordførar Petter Sortland på telefon: 91 16 45 46

Vaktteleefon til Høyanger kommune: mob: 992 19 400

Balestrand

Ikkje straum, veg ok, legevakt via SYS IKT,
institusjonar har aggregat
Kontaktperson: Arne Abrahamsen: 958 24 896. Oppmøtestad: Kommunehuset

Hyllestad

Alt ok

Solund

Alt ok

Gulen

Alt ok.

Sogndal

Deler av sentrum har straum og tele, kommunehuset ok. Fjærland og Kaupanger har fått tilbake straumen, men ikkje telefon. Sognekraft håpar at straumen er tilbake i løpet av morgondagen.

Leikanger, Balestrand sentrum og Vetlefjorden har fått att straumen.

Fokus på helse og heimebuande, eigen kontaktperson som tek vare på personane.
Kontaktperson: Jarle Årvoll
Kriseleiing i kommunen: 908 22 420 / 971 49 001. Oppmøtestad: Kommunehuset

Luster

Kriseleiing etablert.
Straum borte på sørsida, Mørkridsdalen, Fortunsdalen, Veitastrond, Jostedal, Råum,
Vegen til Veitastrond stengt

Mobilsamband nede, fasttelefon fungerer. Jostedal er utan kontakt, men har satellitt telefon
Publikum kan nytte telefonnr.57 68 15 55
Kontaktperson: John Olav Røhme: 57 68 57 24

Leikanger

Ikkje straum og dårleg mobildekking,
Sjukeheim har klart seg bra med aggregat.
Sikra oppvarming sjukeheim ved hjelp av mindre aggregat, mat ok pga gassbetent kjøkken, vatnet er ikkje reinsa lenger,
Kontaktperson: Rådmann Odd Arve Rakstad: 952 35 834
Publikum kan reise direkte til legesenteret i Sogndal ved behov for hjelp.

Vik

Straum: Ok i Flatbygdi.
Ikkje straum i bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes og fjordane utover – Arnafjorden
Vakthavande lege er på Helsetunet. 113 veit om dette.

Vegar: Alle vegar i låglandet er opne (men ein del stein i vegbana)
Pleieinstitusjonar: Ok. Ikkje kontakt med Fresvik, men dei har vedfyring og personale der.
Kontaktperson: Ordførar Marta Finden Halset: 905 92 566
Oppmøtestad: Kommunelegekontoret

Aurland

Alt ok

Lærdal

Straumen er vekke i nesten heile kommunen, grunna høgspentfeil
Fylkesveg 272 er stengt v/Mo
Ikkje nett i store deler av kommunen, men mobildekning i sentrum
Kontaktperson: Rådmann Alf Olsen jr (på reise) 970 57 480. Oppmøtestad: Rådhuset

Årdal

Alt ok.

Kjelde: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane