Hopp til innhold

Lagerbygg knust av orkanen

I 22-tida i går kveld tok orkanen tak i lagerbygget til Kjetil Turlid i Flåm og knuste det til pinneved.

Lagerbygget til Kjetil Turlid er knust av orkanen

Lagerbygget til Kjetil Turlid i Flåm vart knust av orkanen i natt.

Foto: Arne Veum

Det var eit trist syn som møtte Kjetil Turlid i grålysinga i dag tidleg. Det om lag 150 kvadratmeter store lagerbygget med masse utstyr og material er heilt knust.

-Plater, veggar, takdelar og material ligg spreidd rundt eit større område. Ein må berre prise seg lukkeleg over at ingen var i nærleiken då bygget vart knust. Då kunne det gått skikkeleg gale, seier Turlid.

Frykteleg kastevind

Han fortel om ein frykteleg kastevind i går kveld, så sterk som ingen i bygda har kjend tidlegare.

Det er ikkje berre lagerbygget til Turlid som har fått skader av vinden i Flåm. Fleire hustak er øydelagde og masse tre har velta ned over vegar og anna. Enkelte var redde for at budstadhuset deria skulle blåse ned og måtte flykte over til andre hus.