Hopp til innhold

Nesten alle vegar i Sogn og Fjordane er stengde for trafikk

Det aller meste av vegnettet er søndag kveld stengt.

E39 i Stigedalen stengd grunna trevelt
Foto: Øystein Torheim

– Det har gått ein del ras, men det meste av vegstengingane skuldast nedfall av skog i vegbana, opplyser avdelingssjef Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Ikkje køyr no - hald deg heime

Kort oppsummert er berre riksveg 5 og E16 av dei større vegane opne.

Einaste ferjesambandet som er i drift like før klokka 23:00 er Lavik - Oppedal på E39. Både Anda - Lote og Mannheller - Fodnes er innstilt.

– Alle som har tenkt seg ut og køyre bør halde seg heime. Det er ikkje forsvarleg å leggje ut på tur no, seier Slinde.

– Sjeldan at så mykje er stengt

Vegtrafikksentralen har første juledag hatt ein svært hektisk arbeidsdag.

– Det har vore stor aktivitet, og mange som ringjer og lurer på ting. Det er nok ein av dei travlaste dagane vi har hatt, seier Slinde.

– Det er uhyre sjeldan at så mykje av vegnettet er stengt, seier han.

Slik er situasjonen på vegane

Dette er situasjonen på vegane i Sogn og Fjordane klokka 23:00:

  • E39 Lavik - Førde: Stengt på grunn av opprydningsarbeid
  • E39 Førde - Anda (Slåttebakkane - Lien): Stengt på grunn av opprydningsarbeid
  • E39 Ferjesambandet Lote - Anda: Fergesambandet er innstilt på grunn av uvêr.
  • Rv5 Ferjesambandet Mannheller - Fodnes: Fergesambandet er innstilt på grunn av uvêr.
  • Rv13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr
  • Rv15 Måløy - Nordfjordeid, ved Måløybrua: Stengt på grunn av uvêr.
  • Rv15 Strynefjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Rv55 Ferjesambandet Dragsvik - Hella: Fergesambandet er innstilt på grunn av uvêr.
  • Fv13 Rørvikfloten - Moskog: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
  • Fv50 Hol - Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv53 Tyin - Årdal (Tyinosen - Årdal): Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv55 Sogndal - Hafslo: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
  • Fv60 Byrkjelo - Stryn: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
  • Fv394 Straumsnes - Tysse (Straumsnes - Tysse): Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
  • Fv609 Dale ferjekai - Førde, ved Hundsåna: Stengt på grunn av steinras.
  • Fv614 Grov - Stårheim, ved Isetunnelen: Stengt på grunn av opprydningsarbeid.
  • Fv616 Ferjesambandet Oldeide - Måløy: Fergesambandet er innstilt på grunn av sterk vind.

HER BLIR VEGMELDINGANE OPPDATERTE