Hopp til innhold

Straumen på og av på sjukehuset

Straumen slo seg ein stund på og av ved Sentralsjukehuset i Førde.

Førde sentralsjukehus
Foto: Øystein Tveiten

NRK har fått tips om at straumen ei stund slo seg på og av ved Sentrasjukehuset i Førde, noko også administrerande direktør Jon Bolstad no stadfestar.

-På grunn av ustabil spenning i nettet slo straumen seg ei stund på og av. Vi måtte kople det inn manuelt. Naudaggregatet slo inn, men vi måtte kople det inn manuelt, seir Bolstad.

-Det er vel ikkje slik det skal vere at straumen slår seg på og av på eit sjukehus?

-Eg er no i kontakt med fine folk for å finne ut av kva som har skjedd, seier Bolstad. Han forsikrar at det er straum på sjukehuset no og presiserer at ingen pasientar skal ha kome til skade.