Hopp til innhold

Tusenvis av småkryp inn i stova

I juletreet du i desse dagar tek inn i huset kan det bu opp mot 25.000 bittesmå insekt.

Reiel Fagerlid og juletre

Det bur mange kryp i trea som skal inn i stovene våre. Her er det Reiel Fagerlid som viser litt av juletreskogen sin. ARKIVFOTO.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Du ser dei ikkje, men dei er der, for det er mange småinsekt som overvintrar i gran- og furutre.

Og talet på desse ørsmå krypa kan vere temmeleg høgt, fortel førsteamanuensis Bjarte Henry Jordal ved Universitetsmuséet i Bergen.

Bjarte Henry Jordal

IKKJE REDD FOR SMÅKRYP: Førsteamanuensis Bjarte Henry Jordal.

Foto: Universitetet i Bergen

Talet varierer mykje

– Det vart målt ein gong, og det høgaste talet var opp mot 25.000 individ av ulike insekt i eitt tre. Men det varierer mykje, i enkelte tre kan det vere så godt som ingenting.

– Kva synest du sjølv om dette?

– Personleg gjer det meg ingenting, dette er kryp som er så små at vi ikkje ser dei, og det vi ikkje ser plagar oss ikkje.

– Kan folk sjekke om det er insekt i trea?

– Folk flest kan ikkje sjå desse krypa, men om nokon absolutt vil sjå etter kan dei riste av litt på eit kvitt laken og studere med lupe. Dei er som sagt veldig små.

Harmlause, med eitt unnatak

Og Jordal forsikrar oss om at dei aller fleste av desse små insekta er fullstendig harmlause, men med eitt unnatak:

– Flåtten overvintrar på grantre, og det har vore tilfelle der kattar og hundar har fått flått i pelsen frå juletreet.

– Er det skilnad på gran og furu?

– Det er liten skilnad, men det er kanskje mest insekt på furutrea. Derimot er det lite kryp på edelgran og sitkagran, for dette er nye treslag her i landet, og insekta er ikkje vane med å bu der.

Ikkje hjelp i å spyle

Bjarte Henry Jordal har ikkje mykje tru på å spyle trea, slik enkelte gjer mellom anna på grunn av pollenallergi.

– Vi må hugse at trea er rusta for å stå ute i all slags ver, og pollen bles ikkje vekk i storm. Skal det vere hjelp i må ein vel ta i bruk høgtrykksspylar, og då ser vel ikkje treet heilt bra ut etterpå.

Sjølv har Jordal for første gong valt fjelledelgran som juletre i år, og han kjem ikkje til å uroe seg særleg over småkrypa som eventuelt måtte bu i treet.

Juletre i Norge sidan 1840-talet

Skikken med juletre kom hit til landet frå kontinentet via Danmark rundt 1840, fortel professor Henrik von Achen ved Universitetsmuséet i Bergen.

– Då var det det høgare borgarskapet som tok trea inn i stova og pynta dei. Først rundt første verdskrigen, altså for rundt 100 år sidan, var det eit alminneleg fenomen landet rundt.

Von Achen forklarar skikken med juletre som etit behov for noko grønt i stova, eit varsel om noko som skal kome, eit livets tre.

– Vi må ha noko å sjå fram til i den mørkaste tida på året, og for mange er det viktig at det duftar friskt.