Hopp til innhold

Steinras stengde fylkesveg

Anita Larsen var på veg frå Engebø til Førde då vegen framfor ho plutseleg var stengd av eit ras. – Skremmande, seier ho.

Steinras ved Helletunnelen på fylkesveg 611

SPERRA: Raset sperrar heile vegen.

Foto: Anita Larsen

Det var ved 12.30-tida tysdag at det gjekk eit steinras nordvest for Helletunnelen på fylkesveg 611 i Naustdal.

Anita Larsen var den første som kom til staden.

– Dette er skummelt, det er jo denne vegen eg køyrer fleire gonger for dagen, seier Larsen til NRK.no.

Larsen fortel til Firda.no at det vart ståande fleire bilar i kø på kvar side av raset.

I tillegg til steinar, skal det også ha kome ned store tre, snø og mold frå fjellsida. Larsen seier det tidlegare har kome ned stein i same område.

Vegen vart litt før klokka 14.00 igjen opna for fri ferdsle forbi staden.