Hopp til innhold

Snart slutt på skiproduksjonen

Det kan gå mot slutten for den tradisjonsrike skiproduksjonen til Åsnes Ski på Straumsnes i Fjaler.

Åsnes-ski
Foto: NRK

Etter fire år med positive resultat, syner tala for 2005 millionunderskot for skifabrikken. Dagleg leiar i Åsnes Ski, Terje Eilertsen, trur det mest sannsynlege no er ei nedtrapping av produksjonen i Norge til fordel for Kina.

- Skikkeleg smell

- Fjoråret var eit veldig dårleg år for Åsnes. Etter fleire år med positive resultat fekk vi ein skikkeleg smell i fjor.

Gradvis utflagging

Åsnes Ski
Foto: NRK

Skiprodusenten har gått frå eit årssresultat på vel 100.000 i  pluss i 2004 til eit underskot på over ein million kroner i fjor. Eilertsen ser no ingen annan utveg enn at Åsnes gradvis må sette ut produksjonen til lågkostland.

- Snudd på  mange steinar

- Ja, vi har i grunnen ikkje noko anna val. Vi har snudd på veldig mange steinar for å prøve å halde oppe produksjonen fullt ut på Åsnes, men vi har vore nøytdde til å flytte ein del av den. Korleis situasjonen blir i framtida er ltt uvisst. Vi arbeider med fleire idear med tanke på å halde oppe ein produksjonsaktivitet på Straumsnes, men likevel er det nok realistisk å tenkje seg ei nedtrapping.

Neste år uvisst

Etter fleire år med positive tal, er prispresset no så stort at underskotet i 2005 var uungåeleg. Eilertsen torer no ikkje seie kva som skjer med den tradisjonsrike skifrabrikken til neste år.

- Det eg kan seie er at vi har hatt full aktivitet til no i år, og det vil vi ha heile hausten. Men det som skjer neste år er usikkert.

- Kva tykkjer du om at Åsnes må trappe ned her i landet.

- Enno ikkje gitt opp

- Nei, dette er heilt klart ei utvikling vi ikkje ynskjer. Hadde vi hatt som utgangspunkt å få størst mogeleg margin på skia våre så hadde vi flytta ut for lenge sidan. Vi har prøvd alt vi har kunna for å halde oppe produksjonen her, og vi har enno ikkje gitt opp. Men det er klart, vi har i grunnen ikkje alternativ. Prisane er slik at vi ikkje greeier å konkurrere på alle typar ski med produksjon i Noreg.

Administrasjonen blir igjen

Åsnes Ski sette i vår ut deler av produksjonen til Kina. Når resten av produksjonen skal ut, vil berre dei administrative stillingane og avdelinga for produksjonsutvikling bli att i Noreg.