Hopp til innhold

Storkontrakt til Vest Buss

Vest Buss i Stryn har sikra seg kontrakt på levering av 98 nye bussar til selskapet Nettbuss.

Vest Buss - produksjon

INNTEK BERGEN: I 2011 har Vest Buss levert til saman 107 bussar til Tide i Bergen. Neste år får konkurrensten Nettbuss 98 nye bussar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er den dessidert største ordren vi nokon gong har hatt. Vi har hatt store ordrar tidlegare, men ikkje som denne, seier dagleg leiar Per Dag Nedreberg i Vest Buss.

Blir bygd i Tjekkia...

NSB sitt busselskap, Nettbuss, sikra seg nyleg anbodet på køyring i Bergen Vest (Loddefjord, Ytre Laksevåg, Sotra m.m.), og vel altså no å kjøpe bussane i Stryn.

Bussane blir importert frå Iris Buss Iveco i Tjekkia, men får montert utstyr i Stryn.

– Desse bussane har vist seg å vere veldig konkurransedyktige. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på både kvaliteten og oppfølginga vi har gjort, seier Nedreberg.

...og tilpassa i Stryn

Vest Buss AS

BASE I STRYN: 30 personar er tilsette her ved avdelinga i Stryn.

Dei serieproduserte bussane kjem til Stryn utover våren, og nordfjordingane har då vel 50 til 70 timars arbeid på kvar buss med ombygging og montering.

Etter nokre tøffe år der det opphavelege Vest Buss-selskapet, som bygde bussane sjølve - kasta inn handkledet, ser Nedreberg no lyst på framtida.

– Det som heiter Vest Buss i dag har ikkje lenger noko med sjølve bussproduksjonen i Stryn å gjere. Det nye selskapet Vidre i Stryn har kjøpt ut rettane til å produsere karosseri, mens vi i dag driv import i av bussar og driv verkstader.

70 tilsette

I 2011 har det materialisert seg i form av to store kontraktar til Tide i Bergen på til saman 107 bussar.

– Når vi no får ein slik ordre til neste år også, er det bra for oss. Vi kjem ut med eit bra resultat i år, og legg då grunnlaget for eit brukbart resultat også neste år.

– Kor mykje kostar 98 bussar?

– Eg har ikkje så lyst å gå ut med prisen, men det blir mellom 100 og 150 millionar kroner, seier Nedreberg.

Han har i dag om lag 70 tilsette. 30 av dei jobbar ved selskapet sitt hovudkontor og verktad i Stryn, mens resten er fordelt på verkstader i Bergen, Haugesund og Lillestrøm. Vest Buss er også medeigar i ein verkstad i Helsingborg i Sverige.