Hopp til innhold

Las om avgangen sin i budsjettet

Marit Berge fyller 67 år i mars 2012. Då reknar rådmannen i Aurland med at ho går av med pensjon. Men spurt ho - det har han ikkje...

Marit Berge

STILLINGA KUTTA: Marit Berge las i budsjettframlegget at rådmannen 'forventa naturleg avgang'.

Foto: Arne Veum

Marit Berge har ei såkalla merkantil stilling i Aurland kommune, ho arbeider 50 prosent for pleie- og omsorgstenesta og 50 prosent for barnevernet. Samstundes er ho leiar i Aurland Arbeidarparti.

«Forventa naturleg avgang»

Dermed les ho og budsjettframlegget frå rådmannen nøye.

Stor var overraskinga hennar då ho der kunne lese at rådmannen vil spare 240.000 kr ved å kutte stillinga hennar fordi det er «forventa naturleg avgang», skriv Sogn Avis.

Sjølv har ho enno ikkje avgjort kva tid ho vil gå av med pensjon. Det kan godt hende at ho gjer det når ho fyller 67 år i mars. Men det er prinsippet ho vil ta tak i, og difor har ho fortalt historia si til lokalavisa.

– Ingen har spurt meg

– Både rådmannen og dei som arbeider med personalsaker i kommunen er berre nokre steg unna, men ingen av dei har spurt meg om eg går av med pensjon i 2012, seier Berge til NRK.no.

– Som merkantilt tilsett kan eg stå i jobben til eg er 70 år. Om eg vil halde fram etter eg har fylt 67 år får tida vise.

Og sjølv om ho fekk eit lite sjokk då ho las budsjettframlegget, er ikkje hennar eiga sak det viktigaste for Marit Berge.

– Nei til slik personalpolitikk

– Det handlar om kva personalpolitikk kommunen fører. Ein personalpolitikk der stillingar blir fjerna berre på grunn av "forventa avgang" er ikkje noko vi i Arbeidarpartiet vil ha, seier ho.

Ho får støtte frå ordførar Noralv Distad (H).

– Det er ikkje høve til å budsjettere med noko som ikkje er reelt. Eg forstår at det er uheldig for ein arbeidstakar å oppleve at stillinga blir teken vekk utan at han eller ho er spurd om å halde fram, seier han til Sogn Avis.

– Blir vel litt kjeft å få

På spørsmål frå NRK.no seier Marit Berge at ho ikkje er opprørd på eigne vegner over at rådmannen har teke for gitt at ho går av med pensjon i 2012.

Ho presiserer at det er som leiar i Aurland Arbeidarparti ho har gått ut offentleg med saka, for å setje søkjelyset på personalpolitikken.

– Det blir vel litt kjeft å få når leiinga i kommunen les Sogn Avis i dag, men det får stå sin prøve, seier ho.