Hopp til innhold

Lokalt bryggeri får næringslivspris for god bruk av nynorsk

Ægir Bryggeri i Flåm er blitt tildelt Nynorsk Næringslivspris for 2011.

Aud Melås og Evan Lewis

FEKK PRIS: Vertskapet Aud Melås og Evan Lewis mottok prisen i Oslo.

Foto: Noregs Mållag

Bryggeriet har fått prisen fordi juryen meiner bedrifta er ei sterk merkevare i ein ny og veksande marknad.

Ægir Bryggeri og pub i Flåm

I SAME HUS: Her held både bryggeriet og puben til i Flåm.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Ægir bryggeri har ein god og gjennomført presentasjon av produktet, der innhald, namn og språk heng godt saman. Nynorsk er det naturlege valet på etikettar, vevside, fjesbok og anna kommunikasjon, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og leiar i juryen, i ei pressemelding.

Vertskapet sjølv, Aud Melås og Evan Lewis, sa under prisutdelinga på Håndverkeren i Oslo at nynorsk var det einaste alternativet.

Bryggeriet starta opp i 2007 og har fått mange prisar og utmerkingar. Verksemda held til på turiststaden Flåm i Aurland og har fått namnet Ægir etter ølbryggjaren til dei gamle norrøne gudane.