Får millionar etter persiennefeil

DYR UTSKIFTING: Det er på dette kontorbygget i Nonnesetergaten i Bergen at mange persinneglass må byttast ut.
Foto: Google Street ViewBolseth Glass AS på Sandane får nesten 1,7 millionar kroner i erstatning etter at 70 persienneglas måtte byttast ut.
Publisert 10.12.2011 14:49.
- Skriv ut
Det har Bergen tingrett bestemt etter at Sandane-firmaet tok saka til retten.
Skanska var totalentreprenør og Bolset var totalunderleverandør då Bergens største kontorbygg blei oppført. Bygget stod ferdig i 2008 og mykje av fasaden er dekt av vindauge som ikkje kan opnast.
Kan bli dyrt
Dei spesielle vindauga har innebygde og motoriserte persienner. Men etter kort tid viste det seg at 44 av persienneglasa hadde funksjonsfeil og blei bytta ut. No pågår det i tillegg utskifting av ytterlegare 26.
Skanska har nekta å betale for dei nye persiennene fordi dei meinte funksjonsfeilen låg i leveransen til Bolseth.
Bergen tingrett meiner at årsaka til problema ligg i styringssystemet som Skanska leverte og ikkje i sjølve glasa.
Det er over 460 persienneglas på bygget. Dersom det viser seg å vere feil på alle saman, kjem det til å koste over 17 millionar kroner.
Meiner dommen er rett
Advokaten til Bolset Glass AS, Brynjulf Næss, er nøgd med dommen frå tingretten.
– Vi meiner den er rett og er i samsvar med det vi hevda, seier han til NRK.no.
Fristen for å anke går ut i januar og Næss er spent på om motparten nyttar moglegheita til det.
– No får vi berre sjå kva dei gjer, seier han
Skanska må også betale Bolseth sine sakskostnader på over 960 000 kroner, i tillegg til sine eigne.

















Godtek ikkje kort tunnel
Queen Mary 2 vitja Aurlandsfjorden