Hopp til innhold

Bil fekk sleng og snurra rundt

Ei kvinne i 30-åra slapp uskadd frå det då bilen ho køyrde fekk sleng og hamna på taket.

Trafikkuhell i Markane i Stryn

SNURRA RUNDT: Til alt hell kom ikkje kvinna til skade i trafikkuhellet.

Foto: Arne Vik

Ambulanse, politi og brannvesen rykka ut då dei fekk melding om trafikkuhellet i Markane i Stryn i 21-tida fredag kveld.

Operasjonsleiar Svein Rød seier det berre var ein person og ein bil involvert.

– Ho mista kontrollen og bilen snurra rundt. Sjåføren blei heldigvis ikkje skadd, men bilen er å rekne som vrak, seier han.

Det skal ha vore glatt i området der uhellet skjedde.

Trafikkuhell i Markane i Stryn

FULL UTRYKKING: Alle naudetatar rykka ut då meldinga om utforkøyringa kom.

Foto: Jan Ivar Vik