Hopp til innhold

Usemje om bygg ved stavkyrkja

Riksantikvaren protesterer mot planar om servicebygg ved Hopperstad stavkyrkje i Vik.

Hopperstad stavkyrkje i Vik

USEMJE: Riksantikvaren vil ikkje ha servicebygg nær Hopperstad stavkyrkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vik kommune ønskjer å flytte eit verneverdig hus og byggje det om til servicebygg for mellomalderkyrkja, med toalett og sal av mat, reiseminne og billettar.

LES OGSÅ: Uvanleg sak for Sivilombodsmannen

Men Riksantikvaren har sterke innvendingar mot både plassering og storleik og meiner planen slik den føreligg no er strid med kulturminnelova. Riksantikvaren meiner bygget kjem for nær stavkyrkja og at det vil vere skjemmande og i strid med kulturminnelova, seier seksjonssjef Margrethe Tviberg.

– Forstyrrande

– Dette vil gripe forstyrrande inn i det landskapet kyrkja ligg i. Kyrkja må få behalde den posisjonen ho har i landskapet for at folk kan lese ho som den middelalderkyrja ho er.

Ho meiner servicebygget må vere mindre og at det må trekkjast lengre unna kyrkja enn det planen legg opp til.

(Artikkelen held fram under biletet).

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

RÅDMANNEN: Oddbjørn Ese har tru på løysing.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Skal finne løysing

Men rådmannen i Vik, Oddbjørn Ese, har tru på at dei skal finne ei løysing som både kommunen og Riksantikvaren kan leve med.

– Vi skal klare å rette oss etter kravet frå Riksantikvaren når det gjeld volumet på bygget. Ei litt større utfordrin g er plasseringa av trafikkareal som Riksantikvaren meiner kjem for nær kyrkja. Men vi håpar å finne ei løysing på det og.

Prestegardsstabburet

Kommunen vil flytte Prestegardsstabburet, som er den siste gjenståande bygningen frå den gamle prestegarden, og plassera han i lag med klokkargarden. Begge desse bygningane har historisk tilknytning til stavkyrkja. Ved å samle dei i eit servicetun og gje dei ein ny funksjon, kan ein berga også dei for ettertida, meiner Vik kommune.