26.05.2012

Skulda for nazihelsing

Gutelaget frå IL Høyang blir skulda for å ha gjort nazihelsingar og ropt sieg heil til eit tysk gutelag

 

 

Faksimile av nettsida til Aftonbladet (Foto: NRK)

Dette skal ha skjedd under ei fotballturnering i Ronneby i Sverige, skriv Aftonbladet. 

Fotballeiar Petter Sortland i IL Høyang nektar å tru at spelarane hans står bak.

Borgarmeisteren i Ronneby har fått eit brev frå det tyske idrettslaget der oppførselen til nordmennene blir omtalt.

- Imitasjon av Adolf Hitler

I brevet står det med utheva skrift: "Motstandarane frå Noreg gjorde SR-gestar som er ulovlege her i Tyskland. Dei stod med utstrekt høgre arm og heldt to fingrar frå den venstre handa på overleppa, og demonstrerte slik ein bart. Heilt klart spelte dei på fortida til det tyske folket, for det handla eintydig om ein imitasjon av Adolf Hitler. I tillegg brølte fleire spelarar "Bra" og "Heil Hitler", noko som førte til sterk latter både mellom spelarane, og frå trenerbenken til det norske mannskapet. Trenaren og dei ansvarlege for til det norske mannskapet gjorde ingenting for å hindre spelarane i dette. Hendinga toppa seg med at også ein utanforståande offisiell for det norske mannskapet deltok. Han gjorde også hitler-helsing og ropte "Heil Hitler".

Vil ta saka opp

Stefan Månsson i Ronneby kommune jobba med turneringa. Han sier at dei vil ta episoden opp med de ulike laga som har vore med.

Sjokkert over tysk oppførsel

Petter Sortland fylgde laget til IL Høyang på turneringa, og så langt han kjenner til var det ingen av Høyang-spelarane som utførte nazihelsing. Han er derimot sjokkert over dei tyske spelarane frå klubben Steglitz-Zehlendorf.

- Dei hadde ein heilt spesiell oppførsel.

- Kan ha blitt provosert

Mellom anna nekta tyskarane å takke for kampen og spyttet i staden i handa. Sortland innrømmer at dette kan ha provosert dei norske spelarane til å kome med ei nazihelsing.

- Det er klart at det er ikkje noko kunststykke å kome med ei nazihelsing. Det er gjort på ganske få sekund.

Vil snakke med spelarane

Han vil no snakke med spelarane sine for å finne ut om det er dei som har utført hitlerhelsingar.

- Dersom tyskarane har kjent seg forulempa, skal vi vere dei første til å beklage noko slikt.

Fotballkrinsen involvert

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Svein Olav Myklebust, er svært skuffa over heile saka.

- Det er særskild trasig at ei venskapsturnering har utvikla seg på denne måten. Sogn og Fjordane Fotballkrets tar avstand frå all form for diskriminering. Vi diskuterar no med klubben for å finne ut kva som har skjedd, og eventuelt setje i verke straffetiltak, seier Myklebust.