Hopp til innhold

Skuffa etter mislukka kjærleiksjakt

Mange vil nok meine at Roar Husetuft (31) kasta vekk eit halvt år då han prøvde å få seg dame på TV2. Sjølv er han skuffa etter kjærleiksjakta.

Video Bonde på kjærleiksjakt

JAKT: Bonden frå Holsen jakta på kjærleiken på TV2 i haust. Det gjekk ikkje slik han hadde håpa.

Bonden og snikkaren frå Holsen i Førde var ein av fire bønder som i haust har leita etter den rette på TV2-programmet «Jakten på kjærleiken». Men det har slett ikkje vore ein dans på roser.

Husetuft har tidlegare fortalt til NRK at han var svært sliten etter innspelinga. Behovet for å vere åleine kom krypande, og bonden bruke mykje til åleine i sofaen.

«Det lille ekstra» mangla

I går gjekk siste episode av kjærleiksjakta på TV2, og Husetuft måtte innsjå at det ikkje vart noko dame på han gjennom programmet. Faktisk var det ingen av dei fire bøndene som enda opp med ein kjærast etter å ha blottlagt seg på TV-skjermen.

– Eg gjorde det eg kunne, men det er mange ting som skal på plass. Det skal vere mykje kjemi og kjærleik. Av og til fungerer det berre ikkje, seier Husetuft til VG. nett.

Til slutt var det 21 år gamle Eirin Lohne frå Flekkefjord som fekk vere med bonden på tur til Irland. Sjølv om tonen mellom dei to var god, vart det ikkje full klaff. Husetuft seier til nettstaden at det var det «lille ekstra» som mangla.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roar Husetuft

SKUFFA: Roar Husetuft seier det var 'det lille ekstra' som mangla.

Foto: Nyhetsspiller

– Skuffanes

Etter fleire månader med innspelingar vedgår han at han er skuffa over at han ikkje enda opp med å finne seg ein kjærast.

– Det er jo litt skuffande, seier han til VG. nett og legg til at han tippar han har fått seg dame i løpet av neste år.

Fleire av «Jakten-bøndene» på TV2-programmet har også følt på at enkelte av friarane var ute etter alt anna enn å finne seg ein kjærast.

Også bonden frå Førde meiner enkelte av damene som skreiv brev til han var mest interessert i å få merksemd på TV.