Hopp til innhold

Vakna opp til 50 centimeter nysnø

Store mengder snø har lava ned mange stader natt til måndag.

Snø i Stryn

SNØ I STRYN: Snøen lava ned og det kom 50 centimeter natt til måndag.

Foto: Arne Vik

Malin og William Sunde

SNØMÅKING: Malin og William Sunde i Stryn var tidleg ute for å måke snø.

Foto: Harald Kolseth / NRK
Kø ved Moskog på E39 utanfor Førde

LANGE KØAR: Mange bilistar stod lenge i kø måndag morgon etter eit trafikkulukke ved Moskog.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK
Trafikkulukke i Oldedalen

I GRØFTA: Ei bil hamna nesten på taket då den hamna utfor vegen i Oldedalen.

Bil i grøfta i Stongfjorden

UTFOR VEGEN: Også i Stongfjorden i Askvoll hamna ein bil i grøfta.

Foto: NRK.no-tipsar

Stryn er ein av dei stadane som har fått mykje snø i natt. Arne Vik vakna opp til 50 centimeter snø.

– Det har snøa godt dei siste tolv timane. Eg har vore ute og køyrd bil i morgontimane og det var ikkje noko særleg å køyre fordi snøen er tung og våt.

Han fortel at det snøar godt enno, men håper det lettar utover dagen. I Veitastrond i Luster har det kome 25 centimeter i natt. Måndag føremiddag snøar det framleis mykje der.

Kvite snøfnugg skaper ekstra stemning no i førjulstida, men har også ført til problem fleire stader. Fleire bilar har hamna i grøfta, og på E 39 ved Moskog i Førde blei det lange køar etter eit trafikkulukke.

Ventar meir snø

Vakthavande meteorolog Arnstein Tjøstheim ved vêrvarslinga for Vestlandet, seier det truleg kjem meir snø i løpet av dagen.

– Det blir nok ein del byger i dag, anten i form at sludd eller snø. Men slik det ser ut no, blir det lettare tysdag og onsdag. Då blir det også ein del kjøligare med minusgrader. Nye lågtrykk frå torsdag fører til at temperaturen stig igjen og det blir meir nedbør, seier han.

22 centimeter snø her i Florø

SMS-innsendar frå Florø

Tjøstheim har tre offisielle snødjupner måndag morgon. På Sandane har det kome 14 centimeter, i Førde fem og på Takle to centimeter.

50 cm på Hoff i Viksdalen :-)

SMS frå Viksdalen

Fleire av lyttarane til NRK Sogn og Fjordane melder om mykje snø måndag morgon. Ein av dei som fekk trøbbel med snøen i dag tidleg er Terje Steinar Vallestad i Viksdalen i Gaular kommune. Det har snøa godt dei siste dagane og no ligg det om lag 50 centimeter snø der.

– I går kom det så mykje at eg køyrde meg fast på tunet. Og då eg skulle på jobb i Førde i dag tidleg, brukte eg ein time og 45 minutt på turen. Det er ein time meir enn vanleg, fortel han.

-1 grader, kraftige vindkast og litt snø: -) God gamaldags vinter pao Borgund :-)

SMS frå Borgund

Ei av årsakene er trafikkulukka på Moskog som danna langa køar, men også at det var vanskelege køyreforhold fleire stader på vegen.

– Men dette er vel Norge i eit nøtteskal no om vinteren, seier han.

50 centimeter snø på Dispa i Stryn, og meir vert det.

SMS frå Arild i Stryn
Snø i Stryn

TUNG OG VÅT: Det har vore vanskeleg å køyre på vegane i morgontimane etter all snøen som har kome.

Foto: Arne Vik