Hopp til innhold

Uvêr stengjer fleire fjell

Søndag føremiddag set uvêr framleis sitt preg på fjellovergangane. Det er fare for problem på fleire vegar.

Hemsedalsfjellet

REDUSERT SIKT: Det er problem med sikta på Hemsedalsfjellet og Vegvesenet varslar at det kan bli innført kolonnekøyring her på kort varsel.

Foto: Statens Vegvesen/Webkamera

Sterk vind og redusert sikt gjer at fleire av fjellovergangane i Sogn og Fjordane søndag føremiddag er stengde.

SISTE: Like før klokka 13 har ein innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet. Frå klokka 15.45 var det også kolonnekøyring på E16 over Filefjell.

Statens vegvesen melder om opp mot seks timar ventetid på Hemsedalsfjellet søndag ettermiddag og kveld.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Klokka 17 var situasjonen slik:

  • E16 over Filefjell – kolonnekøyring
  • Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet – kolonnekøyring
  • Riksveg 13 over Vikafjellet – stengd grunna uvêr, blir ikkje opna att søndag
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland - stengd grunna uvêr, usikkert om vegen kan opne att søndag
  • Fylkesveg 53 Tyin-Årdal – stengd grunna uvêr. Blir ikkje opna att søndag
  • Fylkesveg 13 Gaularfjellet - stengd grunna uvêr, og blir ikkje opna att søndag

Over Strynefjellet er også vêret merkbart. Her var det søndag ettermiddag sterk kuling, delvis skya og snøbyer.

I tillegg er fylkesveg 616 mellom Davik og Isane stengd etter ein stein- og jordras natt til søndag. Vegen blir tidlegast opna tysdag.