Hopp til innhold

Vågar ikkje innom fylket

Hurtigruta er vêrfast i Ålesund. Kapteinen tørr ikkje segle vidare grunna storm.

MS Richard With
Foto: Hilmar Jensen

Hurtigruteskipet MS Richard With ligg i Ålesund og har kansellert turen vidare til Bergen. Uvêr ved Stad, med storm og orkan, skaper problem.

–Det blir for stort vindfang for oss og for vanskeleg å styre skipet. Det er kanskje sjeldan at vi må stogge slik, men når eg såg vêrvarselet var det ingen tvil, seier kaptein Hilmar Jensen.

68 passasjerar

Det var 68 passasjerar ombord i skipet då kapteinen valde å innstille. Dei får no anna transport.

- Dei blir sendt i land her i Ålesund. Vi har jobba i heile dag for å ordne anna transport til dei.

–Korleis reagerte passasjerane på dette?

– Eg trur alle har forståelse for det. Det var ingen sure miner.

MS Richard With liggande i Ålesund hamn til fredag. Då går det inn i nordgåande rute. Alle stogg i Sogn og Fjordane natt til fredag og fredag morgon er dermed kansellert.

Urolig vêr framover

Statsmeterolog Karsten Eitrem seier det blir uroleg vêr med vind og storm til over helga.

- Fredag kveld kjem vi inn i eit nytt lågtrykksområde med vindauke. Natt til lørdag er det ny storm på gang langs kysten.

På dagtid fredag er det meldt opphaldsveir fleire stader, før uvêret tek til igjen ut på kvelden.