Hopp til innhold

I startgropa for ny stamvegpakke

Ei gruppe skal setjast ned for å jobbe vidare med prosjektet om tunnel mellom Årdal og Fortun, og tunnel under Sognefjellet.

Video Får nyte flotte skiløypet heilt åleine

TUNNEL: Prosjektgruppa vil ha tunnel under Sognefjellet.

Foto: Nyhetsspiller

– Dette er utruleg viktig for å få prosessen i gang, seier Luster-ordførar Ivar Kvalen, til Sogn Avis.

Han var på møte i Årdal næringssamskipnad tysdag kveld, der ordføraren i Lom, Bjarne Eiolf Holø fortalde at han er i ferd med å setje i hop ei gruppe som skal vere pådrivar i prosjektet. Mellom anna skal det utarbeidast eit prospekt.

Kostnad på mellom seks og sju mrd.

– Eg er veldig varsam med å gå inn i dette no. Det er departementet som skal ta dette. Den dagen dei ber oss om noko, skal vi levere, seier Kvåle til avisa.

Det er på det reine at dei mest sannsynlege alternativa er ein 24 kilometer lang tunnel under Sognefjellet og ein tunnel på vel 20 kilometer mellom Årdal og Fortun. Når ein tek med vegar som ligg i tilknyting, snakkar ein om ei kostnadsramme på mellom seks og sju milliardar kroner.

Lang veg fram

Men det er ein lang veg fram før prosjektet eventuelt kan bli ein realitet. Ei konseptvalutgreiing må på plass, og det er det Samferdsledepartementet som må ta ei avgjerd om, før Vegvesenet gjer ei konsekvensutgreiing.

– Me i Sogn er nok komne lenger i tankeprosessen rundt dette. Me har ein jobb å gjera for å forklarar kor godt dette prosjektet er, seier Kvalen til avisa.