Etter eksplosjonen ved tankanlegget for fire år sidan, opplevde
.- LES OGSÅ:
- SJÅ: Bileta frå eksplosjonen i Sløvåg
Under eit folkemøte i Gulen på tysdag får innbyggjarane høyre at nokre framleis slit med helseplager etter utsleppa.
- LES OGSÅ:
– Det er færre som har psykiske plager og stressreaksjonar. I 2008 fann vi at 39 hadde stressreaksjonar. No er vi i underkant av 20, seier Bjørg Eli Hollund, prosjektleiar for undersøkingane.
Førebelse resultat
Kring 200 personar hadde til dels store plager som kvalme, irritert hals og irriterte auge i etter at to tankar ved anlegget i Sløvåg eksploderte 24. mai 2007.
Eksplosjonen resulterte i ein svær brann, der store mengder røyk og gass blei spreidd i området. Året etter bad Helsedirektoratet om ei
.- LES OGSÅ: Stod få meter frå eksplosjonen
Dei endelege resultata blir lagt fram i 2013, men ei
vil vise nokre av dei førebelse resultata.- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Plagene er litt mindre hos dei som hadde plager sist, og det er nokre som er kvitt plagene, seier Hollund.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
Folkemøte
Under eit folkemøte i Gulen tysdag får innbyggjarane høyre kva dei siste undersøkingane viser.
Hollund kan ikkje seie noko meir om dei fysiske skadane til folk i dag, men spørsmåla dreier seg om spesifikke plager.
– Det går spesielt på desse stressreaksjonane. Det går på symptom på øvre luftvegar som er nase, svelg og auge. Og nedre luftvegar som går på dette med tungpust, andpust, hoste og liknande, seier ho.