Hopp til innhold

Tom Mangersnes til Sogndal

Den tidlegare Løv-Ham-trenaren Tom Mangersnes er klar for Sogndal.

Tom Mangersnes
Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Det er Jærbladet som kan fortelje at Mangersnes har sagt nei takk til å vere assistenttrenar i Bryne, og at han i staden har sagt ja til jobb i Sogndal Fotball.

Mangersnes stadfestar dette til nrk.no, men utover det vil han ikkje seie noko. Han viser til dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal for vidare kommentarar.

– Eit tilbod ein får berre ein gong

Til Jærbladet seier Mangersnes at han vart kontakta av Sogndal Fotball fredag, og at han sa ja søndag.

– Det var eit tilbod ein kanskje berre får ein gong, det var gledeleg for meg. I Sogndal får eg sjansen til å jobbe i høgskulesystemet.

– Passar utmerka inn

Håvard Flo i Sogndal Fotball stadfestar måndag ettermiddag at Mangersnes vil jobbe for Sogndal Fotball med vekt på analyse.

I tillegg til analysearbeidet knytt til klubbdrifta, har prosjektet har som mål å utvikle forskings- og utviklingsmiljøet med Høgskulen og Sogndal vidaregåande skule.

– Tom har lang fartstid både innan toppfotball og utdanning, og passer utmerka inn i utviklingsmiljøet på Campus. Vi er i startgropa på fleire samarbeidsprosjekt innan sportsleg utvikling, og vi ser fram til eit spanande prosjekt, seier Flo.