Hopp til innhold

Ferje nær treft av steinras

Frode Leiren og mannskapet om bord på MF Fjærlandsfjord skjønte ingenting då dei høyrde buldring natt til søndag. Då dei vakna såg dei straks kva det var.

Fylkesveg 241 mellom Gudvangen og Bakka i Aurland er stengd på grunn av steinras. Raset gjekk ved kaianlegget i Gudvangen og skal vere kring 100 meter breitt. Ved kai låg MF Fjærlandsfjord.

Skipper Frode Leiren høyrde raset i natt. Då han vakna såg han raset ligge heilt inntil turistbåten. Massane har kome med grova Nauto.

– Vi høyrde det buldre, men skjønte ikkje kva det var med det same. Eg tenkte det kanskje kom ein ny båt. Ute pøsregna det og det var bekmørkt, så vi tenkte ikkje meir over det, seier han.

Merka ingenting

Søndag morgon såg skipperen rett på raset då han vakna. Store mengder grus låg spreidd utover store delar av kaien. Til alt hell stogga dei største steinane før kaianlegget.

På grunn av rasfare vil vegen ikkje bli opna att i dag. Raset er kring to meter på det høgaste.

– Vi merka ingenting på båten. Vi høyrde bråket, men ingenting kom borti. Dette uroar meg ikkje, seier Leiren.

Kjent raspunkt

Det har kome ned mykje nedbør over store delar av Sogn og Fjordane. I Aurland fløymde grova Nauto over og tok med seg både stein og grus inn på kaianlegget.
Nauto er eit kjent raspunkt. Om vinteren plar det kome ned store snøskred her.

– Hadde det vore like stort som sist, for tre år sidan, då hadde vi nok vakna langt bråare. Då gjekk steinane over kaianlegget og i fjorden, fortel Leiren.

– Det har vore mykje regn her, spesielt i natt. Men eg trudde faktisk ikkje at dette ville skje no sidan det vart reinska sist. Eg hadde i alle fall ingen bange anelsar då eg la meg i går, held han fram.

Kring 200 kubikk

Vegvaktar Jarle Tokvam hos Opedal & Sønner fortel elva har drege med seg kring 200 kubikk lausmassar i løpet av natta.

– Det har kome ned ein del kubikk, samt at det ligg att ein del massar i elvefaret. Vi håpar å få rydda og opne vegen att måndag, seier han og fortel at snøfall i høgfjellet med påfølgjande mildvêr og snøsmelting, truleg er årsaka til at Nauto har vakse seg så stor.

Fleire ras

Også fleire andre stadar i Aurland har det rasa natt til søndag. Vegen til Undredal var ein periode delvis stengd på grunn av ras. Dette er rydda.

Samstundes har det også gått eit lite ras ved Flenjatunnelen på E16. Raset har delvis sperra eine køyrefeltet. Også her har elvane vakse seg store og teke med seg lausmassar. Dette raset er i ferd med å bli rydda.

I tillegg blir det opplyst om fleire store elvar og mykje vatn i vegen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.