Hopp til innhold

Mann (27) varetektsfengsla for vald

Ein 27 år gamal mann er varetektsfengsla i fire veker etter å ha slått ned ein polsk mann på Strandkaien i Bergen natt til søndag.

Vaagen pub

ÅSTADEN: Det var utanfor Vaagen Pub ved Strandkaien i Bergen sentrum at mannen vart slått ned.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Den 34 år gamle polske statsborgaren busett i Sunnfjord vart funnen medvitslaus utanfor ein pub på Strandkaien i 02-tida. Kort tid seinare vart ein mann pågripen.

Måndag vart mannen framstilt for varetektsfengsling.

– Han er no varetektsfengsla i fire veker, det same som politiet bad om, seier seksjonsleiar Rigmor Isehaug ved Bergen politistasjon til NRK.no.

Mannen er sikta for lekamskrenking, og politiet har nytta seg av paragrafen som gjeld for vald under særdeles skjerpande omstende.

Den polske mannen (34) ligg framleis kritisk skadd ved Haukeland Universitetssjukehus.

Hevdar han handla i naudverje

Det var i samband med eit julebord saman med kollegaer frå bedrifta i Førde at den polske mannen var ved utestaden Vaagen Pub. Isehaug seier politiet framleis ikkje veit kvifor mannen vart slegen ned.

Ifølgje Bergens Tidende skal 34-åringen først ha blitt dytta opp mot ein vegg før han fekk fleire slag retta mot seg. Då han vart funnen medvitslaus vart han raskt send til sjukehus.

Den 27-år gamle mannen frå Litauen som i dag vart varetektsfengsla, skal ha erkjent å ha slått den fornærma, men nektar straffskuld skriv BT.no. Han skal ha forklart at han handla i naudverje, skriv avisa.

Kollegaer tek det tungt

Fleire kollegaer av mannen skal ha vore på same utestad då ugjerninga fann stad. Avdelingsleiaren i bedrifta skildrar episoden som blind vald og seier heile bedrifta tek det tungt.

– Dette er heilt forferdeleg, så no gjer vi det vi kan for å ta vare på kvarandre, seier Kai Apelseth til NRK.no.

Han og eit familiemedlem av den skadde er framleis i Bergen. Dei har vore fleire timar på sjukehuset i håp om at situasjonen skal betre seg.

– Han har alvorlege hovudskadar, og situasjonen vert skildra som kritisk og ustabil, seier Apelseth.

Den næraste familien til den skadde er no på veg frå Polen og venta å vere framme i Bergen tysdag. Bedrifta i Førde dekkjer både reise og opphald og Apelseth seier dei gjer alt for å ta vare på både tilsette og familien.

Han seier dei er glade mannen som står bak er varetektsfengsla.

– Det er godt at det er gjort, men det gjer ikkje noko ugjort, seier Apelseth.

Etterlyser framleis vitne

Fleire personar skal ha vore inne til avhøyr i saka. Isehaug seier dei no sikrar spor, og at dei også ønskjer kontakt med fleire vitne.

– Vi er interesserte i å kome i kontakt med vitne til sjølve hendinga, men også til personar som var i dette området ved Strandkaien i 02-tida då episoden fann stad, seier Isehaug til NRK.no.